Meny
Bli medlem
Sentralstyret ut i landet!

Sentralstyret ut i landet!

Publisert: 08.03.2024

Sentralstyret i Senterungdomen har som mål å taka heile Noreg i bruk, og då er det ogso naturleg å leggja eit sentralstyremøte ut der folk er!

 

Me oppmodar difor alle lokal- og fylkeslag til å søkja om å få arrangera sentralstyret ut i landet! Møtet skal haldast 7. til 10. juni 2024 hjå dei som har beste søknad.

Søknaden vert send til generalsekretær innan 1. april til heh@sp.no.

Kva er sentralstyret ut i landet?

Alle lokal- og fylkeslag kan søkja om å arrangera sentralstyret ut i landet.

Kvifor skal sentralstyret koma på besøk til akkurat ditt lokallag? Er det fordi de har den flottaste naturen, den beste pizzaen eller kanskje det beste grendehuset? Skriv ein søknad til oss då vel! 

Sjølv om me skal bruka tid til å vitja dykk når me kjem på vitjing er hovudfokuset at me skal gjennomføra eit ordinært sentralstyremøte. Det tyder at me i all hovudsak treng eit møtelokale heile helgi i tillegg til at me skal bruka tid på sakshandsaming. Men på ettermiddagen på laurdagen vil de få resten av dagen til disposisjonen dykkar! Her kan det visa oss rundt i bygda! 

Sentralt dekkjer sjølvsagt alt av kost og losji for sentralstyremedlemar og tilsette, so dette er ikkje noko de treng å tenkja på. 

Tips til søknad

Det er ikkje ein konkret mal for korleis ein kan søkja om å få arrangera sentralstyret ut i landet. Men, det er somme punkt som de bør få med dykk:

  • Konkret forslag til møtestad og overnatting for 14 personar heile helgi. 
  • Forslag til reise til og frå møtestaden.
  • Kvifor bør me vitja akkurat lokalmiljøet dykkar?
  • Kva vil de visa oss? Her legg de inn kva de tenkjer å bruka laurdagen med oss til. Kanskje vitja ei verksemd? Kanskje ein gaida tur i nærmiljøet? 

Har de nokre spørsmål? Då er det berre å taka kontakt på heh@sp.no.

Hugs å søkja innan 1. april 2024. Søknaden skal sendast til heh@sp.no.