Meny
Bli medlem
Bokutvalet

Ynskjer du å hjelpa til med den nye boka til Senterungdomen?

Publisert: 08.12.2023

Senterungdomen feirer 75 år i 2024, og for å sikra at denne lange historia vert med inn i dei neste 75 åra ogso treng me hjelp frå deg! 

Sentralstyret har sette ned eit eige utval, som har ansvaret for å laga ei jubileumsbok for Senterungdomen. Utvalet består av Henrik Hageland, Dordi Lerum og Lars Myhr Sandlund. Utvalet har ikkje høve til å skriva boka åleina, og treng difor hjelp frå deg.

 

So korleis kan eg hjelpa til?

Jo me i bokutvalet har lagt opp til to måter du kan vera med å bidraga:

Skrivekonkurranse

Bokutvalet har lyst ut ein skrivekonkurranse der alle kan senda inn ein tekst til vurdering, og er du heldig vert du ein av medforfattarane. Teksten du sender inn vil ikkje direkte verta brukt i boka, men vil fungera som ein test på både skrivekunnskapane og eigenskapene dine til å fortelja ei historie. 

Oppgåva er som fylgjer:

Skriv ein samanhengande tekst på om lag 800 ord, der du skriv om eit tema, som du er interessert i. Teksten må ogso handla om noko som du meiner er passande til ei jubileumsbok i Senterpartiet.

Formelle krav:

  • Om lag 800 ord (+/- 10%)
  • Er innsend til bokutvalet innan 14. januar 2024
  • Vert send til heh@sp.no 
  • Anonyme bidrag er ikkje ynskt

Direkte innspel til innhald

Fylkeslag og lokallag i Senterungdomen kan spela inn ulike forslag til kva boka skal innehalda. Her vil ein få eit skjema via Forms som du etterkvart vil kunna klikka deg innpå her. 

Fristen for slike innspel via skjamet kan gjerast innan 14. januar 2024.

Er du nysgjerrig? Eller har du eitt eller to spørsmål du ynskjer å stilla oss i bokutvalet? Tak kontakt med oss då vel! Då kan du senda ein e-post til heh@sp.no

Relaterte personer

Henrik Hageland

Henrik Hageland

Generalsekretær

Varslinger utenfor kontortid rettes til +47 977 88 775
Telefon: +47 412 63 925 
Dordi Boksasp Lerum

Dordi Boksasp Lerum

1. styremedlem