Dei siste åra har nordmenn kunna nytta seg av fleire og fleire utanlandske bettingselskap over internett. Desse kan med hjelp av eit smutthol i lova reklamere fritt på fjernsynskanalar, radio og nett. 

I fylgje organisasjonen «Spilleavhengighet Norge» er det i dag 22 000 nordmenn som reknast som speleavhengige. I tillegg er 122 000 personar, dvs. 3,2% av befolkninga, moderate risikospelarar eller problemspelarar.  

95,2% av dei mellom 16 og 25 sei dei har vore eksponert for reklame for pengespel det siste året. 

For å forebygge speleavhengigheit og for å unngå at fleire på bedringens veg skal få tilbakeslag, så må reklame for pengespel verte forbode i Noreg på same måte som alkohol- og tobakksreklame. 

Senterungdommen vil: 

  • Forby reklame for pengespel på same måte som tobakks- og alkoholreklame. Forbudet skal gjelde på alle norskspråklege medieplattformar, og bli rekna med i strafferammer for anna ulovleg reklame som alkohol- og tobakksreklame.
  • Forbudet skal òg omfatte reklame og annonsering for urimeleg dyre forbrukslån utan tryggleik.
  • Reklameforbudet omfattar òg reklame for kredittkort som blir gitt ut utan kredittvurdering og med urimeleg stor bruksgrense.