Arbeidsløysa gjekk opp med 9 000 personar frå Juli, og 129 000 var arbeidsløyse i Oktober 2015 syner Arbeidskraftundersøkinga. Med andre ord er det fleire og fleire som blir sitjande heima. Når ein vert registrert som arbeidssøkar gjennom NAV, er det ikkje noko krav om aktivitet eller sysselsetjing. Dette synest me i Senterungdommen er feil. Arbeidssøkarane er menneskelege ressursar som Noreg burde ta i bruk, meir enn å la dei gå på lediggang. Med blant anna aukande innvandring, einsame eldre og kommunale bygg som må vedlikehaldast, ser ikkje Senterungdommen noko grunn for å halda arbeidssøkarane heima, der dei får ei tydeleg glipe i CVen sin.

Senterungdommen vil:

  • At det lokale NAV-kontoret og kommunen setter vilkår om arbeidsrettet aktivitet til alle stønadsmottakere med arbeidsevne som er i stand til å delta

  • At dei arbeidssøkarane som ikkje nyttar seg av aktivitetstiltak skal få ein lågare sum med dagpengar, og dei som nytt skal få ein høgare sum dagpengar.

  • At dei som nyttar aktivitetstiltaka skal få utdelt ein utfyllande attest etter endt arbeid.

Vedtatt av senterungdommens landsstyre 23. jaunar 2016.