Då opningstidslova vart avskaffa, var meininga at kvar einskild butikk skulle få fridom til å fastsetja sine eigne opningstider. Men når éin butikk har utvida, er dei andre nesten nøydde til å fylgja etter. I praksis er det kjedene som har pressa på for å utvida opningstidene, dette på kostnad av arbeidsmiljøet for dei tilsette og ofte mot viljen til butikkane. Utviklinga så langt viser at den intenderte fridomen ikkje har vore reell, og at bransjen diverre ikkje er i stand til å styra opningstidene sjølv.

Arbeid på laurdag og seine kveldar gjer at mange butikktilsette får mindre tid saman med familie og vener enn dei skulle ynskt. For sume er sundagen den einaste dagen i veka dei på det jamne har fri til same tid som andre. Dersom butikkane vert sundagsopne, vil det gjera privatlivet og familielivet ringare for dei tilsette.
Utvida opningstider fører til auka utgifter for butikkane utan at omsetnaden aukar. På denne måten vert varene dyrare for kunden, samstundes som små butikkar i større grad må gje tapt i kampen mot større konkurrentar. Denne utviklinga ser me tydeleg i Danmark etter at dei tillét sundagshandel frå hausten 2012. I Noreg seier 58 % nei til sundagsopne butikkar.

Senterungdomen meiner det er mange likskapar mellom tvang frå staten og tvang frå marknaden, men ser at staten kan vektleggja omsynet til tilsette og rettferdig konkurranse på ein måte som marknaden ikkje evnar. I den frie konkurransen vert dei tilsette taparar, gjennom meir ukurante arbeidstider og mindre ordna fritid. Kjedene og butikkane sin fridom til å fastsetja sine eigne opningstider må ikkje gå på kostnad av dei tilsette sin fridom til å ha fritid på linje med andre grupper i samfunnet.

Senterungdommen vil:

  • Vektleggja dei tilsette og kundane sine interesser i større grad enn i dag

  • Innføra maksimal opningstid for butikkar frå kl. 06 til kl. 22 (måndag – laurdag)

  • Framleis ha stengde butikkar på sundagar, og fjerne unntaket til hagesenteret og brustadbu

Vedtatt av senterungdommens landsstyre 1. februar 2015.