Senterungdomen er imot å stille ståande styrkar til rådevelde for EU. EU har ambisjonar om å bli ei supermakt, og opprusting er ein del av denne strategien. Senterungdomen trur på ei verd av sjølvstendige statar, ikkje blokker. EU si nordiske kampgruppa skal etter plana stå parat igjen i 2011, og Noreg må derfor så fort som råd trekkje seg ut av denne.
På bakgrunn av dette helsar Senterungdomen eit sterkare nordisk forsvarssamarbeid velkome. Evna til å delta i internasjonale operasjonar vil bli styrka, samstundes som ein kan frigjera seg frå stormaktsinteresser sin kommando, og dermed ha større kontroll med kva operasjonar ein deltek i. Norsk deltaking i internasjonale operasjonar skal vera eit bidrag til å styrke FN og folkeretten, ikkje å bygge opp om nye supermakter.