Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 

Uff da, EFTA!

 


Senterungdomen er imot handelsavtalar som fangar fattige land i ei råvarefelle. I november 2008 signerte Noreg og EFTA ei frihandelsavtale med Colombia, eit land prega av stor fattigdom og uro. Eksporten frå Colombia til EFTA-landa består i dag i all hovudsak råvarer, medan varene som går andre vegen er industrivarer. Når EFTA-landa i avtalen krev nulltoll på varene sine frå dag ein, og samstundes innfører forbod mot eksportrestriksjonar, vil dette mønsteret oppretthaldast og medverke til at Colombia ikkje for bygd opp ein levedyktig industri. 

Menneskerettssituasjonen i Colombia er dessutan alvorleg. Colombia er det landet i verda det farlegast å vera fagorganisert, og innbyggjarar blir avretta utan lov og dom. Fagorganiserte, miljøorganisasjonar og urfolk rår Noreg ifrå å inngå frihandelsavtalar med Colombia. Den norske regjeringa har sjølv uttrykt at sosiale rettar og utvikling i fattige land skal ha avgjerande vekt det internasjonalt handelsregimet. Når avtalen heller ikkje har vore offentleggjort i Noreg før signeringa, gjer dette ein reell offentleg debatt rundt slike avtalar umuleg. 

Senterungdomen krev at bilaterale handelsavtalar blir offentleggjort før signering, og at avtalen mellom EFTA og Colombia ikkje må ratifiserast før ho er konsekvensutgreidd og har vore ute på høyring.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut