Israel må umiddelbart trekkje seg ut av Gaza. Krigshandlingane skapar ein alvorleg humanitær situasjon der sivilbefolkninga lir, og ikkje har høve til å forsvara seg eller koma i tryggje omgjevnader. Senterungdommen fordømer angrepa på sivile av Hamas, men Israel er den sterke parten, og ber ansvaret i denne situasjonen. Det må utanriksministeren gje klart uttrykk for, og vere klar i sin tale om dette er ei svært urettferdig krigføring.
Det norske diplomatiet må brukast aktivt opp mot USA. Bush-administasjonen uttala i august 2007 at den ønskte å styrke det militære bidraget til Israel med 6 milliarder dollar det neste tiåret. Det er grunn til å håpe at Obama vil føre ein mer balansert Midt-Austenpolitikk. USA er nøkkelen til ei varig, fredelig løysning på konflikta.
Senterungdomen meiner at regjeringa må begynne og krevje sluttbrukerfråsegn frå alle land det blir selt våpen, ammunisjon og komponentar til krigsutstyr til. Reglane må og gjelde dotterselskap til norske selskap i utlandet. Med dette unngår ein sal til land som er i krig eller som bryt menneskerettighetane.
Senterungdomen krev også at dei etiske retningslinjane for Statens Pensjonsfond Utland får ei strengare tolking. Når retningslinjane frårår investeringane som medverkar til ”systematisk krenking av menneskerettane,” er det problematisk at Noreg har investert i selskap som driv infrastruktur i okkupert land delt av ein mur. I tillegg må også obligasjonar bli underlagt etiske vurderingar.