Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens landsmøte 2006:

Nei til opprustning av EU

 


Det norske folket har to gonger sagt nei til EU-medlemsskap gjennom folkerøystingar. Ein av grunnane til dette, har vore nettopp ønskje om nasjonal kontroll med viktige avgjerder innan utanrikspolitikk og forsvar. Dagens ja-politikarar viser liten respekt for det demokratiske EU-standpunktet.I staden vitnar det militære bidraget om eit forsøk på å knytte Noreg nærmare EU, slik at det i framtida vil bli lettare å melde oss inn.

Grunnlova vår forbyr i § 25 å overlate kommandoen over militære styrkar til ein internasjonal organisasjon vi ikkje er medlem av. Det norske EU-bidraget er derfor omdiskutert og på tvilsam juridisk grunn. Grunnlova er gjeldande rett, og det er uroingsvekkjande at norske politikarar vel å omgå denne så lett.

EU er i full gang med å ruste opp. Dei har allereie ein hær på 60 000 mann, og denne skal kunne setjast inn kvar som helst i verda i løpet av 30 dagar. I tillegg er det vedteke at EU skal opprette 13 mindre kampgrupper. Noreg har sagt seg viljuge til å bidra i ei av desse. Frå 2008 har Noreg lova å avstå 150 soldatar til EU sitt enorme militære apparat. Dette er ei kritikkverdig avgjersle i seg sjølv, både politisk og juridisk. I tillegg er dei militære ressursane sårt tiltrengt i andre greiner av forsvaret vårt.

Norsk deltaking i EU sine stridsgrupper vil også leggje press på ressursane i forsvaret. Noreg har framleis eit sterkt behov for å vera tilstades militært i nordområda, og vi har plikter andsynes NATO og FN. Spesielt FN bør ha høg og aukande prioritet. Slik er vi med og fremje den aller viktigaste arenaen for internasjonal fredsskaping og konfliktløysing. Det har alltid vore viktig for Noreg å framstå som ein fredsnasjon. Av solidariske årsaker, men også av omsyn til vår eigen tryggleik. Som ein liten stat har vi interesse av å ikkje bli oppfatta som ein provokatør i verdssamfunnet.

Senterungdomen vil at Noreg trekkjer tilbake lovnaden om å sende 150 norske soldatar til EU sine kampgrupper. Inntil dette er mogleg, må ein følgje det som står i Soria Moria- fråsegna. Ein kan ikkje tillate at norske soldatar blir sendt ut for å delta i militære EU-operasjonar som manglar eit ”klart og utvetydig” FN-mandat. Regjeringsmakta kan aldri bli så viktig for Senterpartiet, at ein går med på ein folkerettsstridig EU-operasjon.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut