Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedteke av Senterungdommens sentralstyre 1. mars 2009:

Nei til datalagringsdirektivet

 


EUs datalagringsdirektiv blei vedteke i 2006. Direktivet skal gjera det lettare å avdekka alvorleg kriminalitet og fører mellom anna til at kredittkort- og teleselskapa må lagra sensitiv kundeinformasjon i lang tid.  EF-domstolen har no avgjort at direktivet er relevant for det indre markedet og truleg også EØS. Senterungdommen er særdeles skeptiske til ei innføring av datalagringsdirektivet i Norge. 

Eit slikt steg mot overvakingssamfunnet kan vi ikkje godta. Når personlege opplysingar blir lagra i så lang tid som det i direktivet leggjast opp til, er det ein overhengende fare for at opplysingane kan misbrukes. Dette vil i så fall kunna få veldig alvorlige konsekvensar for den vanlege nordmann.

Den norske personvernkommisjonen godtek ikkje grunngjevingane for innføringa av direktivet, og meiner det er i strid med menneskerettane. Eit av dei viktigste argumenta for datalagringsdirektivet er at det vil hjelpe politiet i etterforskningsarbeidet, men studiar frå Tyskland viser at berre ein brøkdel av alle saker blir oppklara på grunn av overvaking. Vi meiner difor at det er eit klart brot på personvernet som ikkje kan rettferdiggjerast.

Senterungdommen krev at Norge denne gangen brukar rettane som ligg i EØS-avtalen og legg ned veto mot datalagringsdirektivet!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut