Det har vore veldig stille frå Barosso & co. i det siste. Etter at innbyggarane i Frankrike og Nederland sa nei til meir overstyring frå EU og meir marknadsliberalisme har EU vore i djup krise. Storbritannia bestemte at ei folkerøysting der var uaktuelt med dei negative resultata i Frankrike og Nederland.
Her i Noreg har det og vore stille i media etter nokre flotte nei- målingar i etterkant av krisa i EU. Til og med i valkampen var det stille. Begge regjeringsalternativa hadde ein sjølvmordsparagraf som gjorde at EU- saka ikkje kom på dagsorden.
Men sjølv med EU i krise og ”sjølvmordsparagrafar” her heime lyt ein vere på vakt. Det er mange tvilsame EU direktiv på veg frå Brussel nordover til Noreg, til dømes heimfallsrett, ny nødslaktordning og tenestedirektivet. Sistnevnte inneber at tenester som tilbys i eitt land, skal kunne tilbydast ialle andre medlemsland på same løns- og arbeidsvilkår som i heimlandet. Arbeid på polske løner kan altså bli godkjent i Noreg. Om dette blir vedtake, er det med på å fremje sosial dumping i stor stil. Eit fenomen Senterungdommen tek sterk avstand frå.
Norsk sjølvråderett er truga. Dei siste åra er EU – direktiv ureflektert take inn i norsk lovgjeving. Vi har også sett døme på at domstolane fyller denne rolla, og flytter dimed vedtak bort frå folkevalte organ.
Trass i at EØS-avtala formelt sett ikkje gir makt til overstatlege organ, er det nettopp det Høgsterett her har gitt til EU. Denne utviklinga må ikkje halde fram. Ein må sørge for ein større offentleg debatt om innhaldet i viktige direktiv, og Stortinget må få ei større rolle. Ein må også nytte veto-retten, som EØS-avtala gir, om det blir naudsynt.
Me kan ikkje ligge på latsida: Senterungdommen vil halde fram å mobilisere og auke kunnskapen blant folk om EU for å møte ein ny EU kamp. Ved å halde meiningsmålingane på dagens nivå sikrar en at ja-partia ikkje vågar å prøve og sende ein ny EU-søknad. EU har vore inne i store krisar før og kome tilbake. Og Høgre og Arbeidarpartiet lengtar etter å få vere med å leike i EU parlamentet i Brussel. Det kjem ein ny EU- kamp og då skal Senterungdommen nok ein gong syte for at Noreg framleis blir annleis- landet langt mot nord, til beste for oss- og resten av verda!