Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedteke av Senterungdomens landsstyre 27. september 2009:

Internasjonal politikk i sentrum

 


Norge skal ha eit aktivt og audmjuk høve til andre statar og internasjonale organisasjonar. Den første Soria Moria –fråsegna var i så måte eit steg i rett retning, men glimra også med ein del manglar og uoppfylte visjonar. Soria Moria 2 må gjera opp for dette.

Senterungdomen vil ha ein internasjonal politikk som frontar folkestyre, miljø og solidaritet.

Dette inneber:

Nei til EU og EØS: Noreg er ikkje medlem av den europeiske unionen og den raudgrøne regjeringa skal ikkje arbeide for at vi skal bli det. Veotretten må brukast mot direktiv som inneheld uønska politikk. Døme på dette er postdirektivet, datalagringsdirektivet og helsedirektivet. Ei utgreiing av EØS-avtalen der realistiske alternativ blir tydeleg skissert er heilt naudsynt. Arbeidet med dette må starte så fort som råd.

Fornybar energi: Kraftige kutt i klimagassutslepp må koma i løpet av få år. Noreg må bruke den sjølvstendige stemma internasjonalt til å fronte eit regime der dei rikaste landa bind seg til å ta dei tyngste kostnadene og største kutta. Parallelt må det koma ei kraftig satsing på fornybar energi, og dreiing av forskingsinnsats frå petroelumsaktivitet og over på fornybare kjelder. Soria Moria 2 må også uttrykke eit klart nei til oljeboring i områda rundt Lofoten, Vesterålen, Møreblokkene og Jan Mayen.

Rettferdig handel: Doha-runden i WTO har vist seg å ikkje føre fram. Senterungdomen meiner det er på tide med eit nytt WTO-mandat, som mellom anna slår fast at alle land har rett til å produsere mat til eigen folkesetnad. Norge må ikkje vera ein pådrivar for at sårbare og fattige land blir tvinga til å opne opp sin økonomi og gje slepp på viktige nasjonale styringsverktøy av økonomien. Den planlagde frihandelsavtalen mellom EFTA og Colombia må ikkje ratifiserast utan offentleg høyring.

Bistand, og spesielt jordbruksbistand, er viktige element i ei utviklingsfase, og må styrkast. Det er likevel viktig å understreke at dette aldri kan erstatte den utviklinga som følgjer av eit levande folkestyre og fridomen til å styre eigen nasjonale økonomi. Den globale fattigdomen er resultat av mangel på folkestyre og fordeling, ikkje for lite bistand eller handel.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut