Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens landsstyre 25. juni 2008:

Et demokratisk Europa - lytt til folket

 


 

 

Rundt klokka 17.00 den 13. juni var resultatet av den irske folkerøystinga om Lisboa-traktaten klart. Neisida hadde vunni med stor margin. Det skilte heile 7 %, og valdeltakinga var den høgaste i ei irsk EU-folkerøysting nokon sinne. Irland var det einaste landet i EU der folket fekk moglegheita til å si meininga si om Lisboa-traktaten, som i realiteten berre er eit nytt namn på EU-grunnlova. Og den vart som kjent stemt ned i både Frankrike og Nederland alt i 2005.

President i EU-kommisjonen, José Manuel Barroso, uttala på førehand at det ikkje fantest nokon plan B ved eit eventuelt irsk nei. Verken han eller resten av EU-elita forventa seg eit slikt resultat. No ser ein likevel at diskusjonane om korleis traktaten likevel skal innførast allereie er i gong. Det snakkast om å legga ein liten tilleggsprotokoll til traktaten basert på neisida sine ankepunkt, og deretter arrangere ei ny folkerøysting. Dette er akkurat det same som vart gjort med Nice-traktaten i 2002.

Ei slik halding til demokratiet er parodisk. Når ja er det einaste riktige svaret folket kan gi, er det grunn til å lure på kvar den folkelige forankringa til toppleiinga i EU ligg hen. Senterungdomen meiner derfor at EU må innsjå at dei med Lisboatraktaten er på heilt feil kurs, og i staden lyttar til den einaste grasrota i unionen som fekk sjansen til å seie meininga si.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut