Senterungdommen håpar at det viktig og riktige engasjementet folk no har ofra i Søraust-Asia vil smitte over på den generelle innstillinga til andre viktige utfordringar. Dømer på dette er svolt i Afrika, fattigdom i Sør-Amerika og behovet for eit langt meir forpliktande og omfattande miljøregelverk globalt! For å få varig bukt med desse problema trengst eit langt sterkare FN, noko som igjen er heilt avhengig av omfattande reformering av organisasjonen. Senterungdomen meiner desse reformene må ta til no, og krev at desse spørsmåla blir utanriksministerens og utviklingsministerens langsiktige hovudfokus!
Naturkatastrofa i Søraust-Asia råka også mange vestlege offer. Den mediemessige, politiske og økonomiske merksemda er skremmande mykje større no enn då 140 000 menneske omkom etter ein storflaum i Bangladesh i 1991. Då Irak okkuperte det oljerike Kuwait og europeiske Bosnia eksploderte i etnisk konflikt greip verdssamfunnet inn langt raskare enn då borgarkrigar i Rwanda og Somaila fekk oppløysa statssamfunna i landa. Senterungdomen meiner dette ikkje er tilfeldig, men følgjer av eit internasjonalt politisk regime som er dominert av den økonomisk sterkastes rett.
Senterungdomen meiner utviklingslandas røyst i alt for liten grad blir høyrd i FN i dag. Forandring på dette er usannsynleg med mindre desse landa får makt å setje bak krava sine på lik linje med dei vestlege landa. Økonomiske spørsmål og utviklingsspørsmål må høgare opp på FNs dagsorden. Sanksjonsregimet i FN må styrkast, og opna for kompensasjon til uføresette offer for FN-sanksjonar. Ikkje minst må FN-konglomeratet av institusjonar og underorganisasjonar bli meir oversiktleg. Slik kan fleire saker sjåast i overordna perspektiv, og fleire avgjerdsler løftast opp på demokratisk nivå i Hovudforsamlinga.
Senterungdomen går inn for