Tenestedirektivet overfører makt på nye område frå Noreg til EU- og EØS-organa. Derfor ville Senterungdomen ha veto mot direktivet, og er svært skuffa over at Arbeidarpartiet gjekk imot dette. Norge opplever auka arbeidsinnvandring, og i ein slik situasjon er det behov for styrking av kontrollar og faglege rettar i arbeidslivet, ikkje ei udemokratisk innstramming gjennom EØS-avtalen.
Sosial dumping er allereie eit problem i Noreg, og det vil bli vanskelegare å setja iverk mottiltak dersom direktivet blir vedteke. At norsk arbeidsrett er underordna EU sine reglar og at nasjonale kontrollordningar av utanlandske tenesteytarar skal vera forbode vil mellom anna svekke innsynsretten og hindre antikontraktørlovgjeving. Senterungdomen fryktar også for lærlingordninga, i og med at norske bedrifter vil bli utsett for større konkurranse og at utanlandske foretak ikkje har same høve til å lære opp lokal arbeidskraft.
Senterungdomen er dessutan uroa for den offentlege velferda. Når nesten all offentleg verksemd, i følgje EU-Kommisjonen, kan koma inn under direktivet, vil det bli vanskelegare å hindre konkurranseutsetjing og å rekommunalisere tenester. Senterungdomen krev at norske politikarar set i verk mottiltak mot slike negative konsekvensar av direktivet.
EØS-avtalen overførerer stadig meir makt på viktige samfunnsområde frå Stortinget til ikkje-folkevalte organar i Brüssel. Tenestedirektivet er eitt av dei klaraste døma på at det er behov for utgreiing av alternativ til EØS, slik at avtala kan seiast opp.