[19.04.11 23:10] Årets vårslepp vart arrangert i Vikersund! Som alltid på vårslepp var kursing, spanande føredragshaldarar, utkledingsfest og moro på programmet!
Vi var sju stykker som reiste frå Sogn og Fjordane til Tyrifjord hotell i Vikersund, klare for å sleppe våren laus saman med senterungdommar frå heile landet. I år deltok rekordmange, for rundt 170 senterungdommar var på plass i Vikersund den andre helga i mars.
Vårsleppet har etter kvart vakse til å bli Senterungdommen sitt mest populære arrangement saman med landsmøtet. Dette er ei kurshelg med kurs av varierande ”vanskegrad” som blir haldne av både medlemmer i Senterungdommen/Senterpartiet og eksterne personar, der ein sjølv kan velje ut frå eigne interesser og politikkunnskapar. I tillegg er det fellesbolkar som alle deltek på.
Til dømes heldt tidlegare sentralstyremedlem Ada Vagnild Evju kursing for fylkesstyremedlemmer, der ho sette fokus på styret si rolle, samspelet mellom styremedlemmene og arbeidet for å nå organisasjonen sine mål. Jonas Wenberg, generalsekretær i Ungdom mot EU, kursa senterungdommar i EU/EØS med fokus på datalagringsdirektivet og personvern. Eit eksempel til på dei valfrie kursbolkane er at politisk nestleiar Lars Vangen snakka om Senterungdommen sin skulepolitikk.
Fellesbolkane inneheldt mellom anna eit kurs i retorikk ved Morten Teien, samt ein passeleg temperaturfylt debatt om oljeboring i Nord, mellom Statoil og Natur og Ungdom! Det var ikkje noko å seie på variasjonen i programmet, med andre ord.
Temet for utkledingsfesten var ”kjende personar frå ditt heimfylke” – det kunne vere både enkeltpersonar eller grupper! Medan vi frå Sogn og Fjordane representerte fylket på ein god måte utkledde som fjellfolk, var mellom anna ferjebillettørar frå Møre og Romsdal, Wig Wam frå Østfold og høgst kontroversielle kraftmaster frå Hordaland òg å sjå! Om middagen og festen er det vel ikkje anna å seie at det vart middag og fest i ekte Senterungdomsstil, og underteikna kan samtidig nemne at han er sterkt klar over at han òg har skrive dette om tidlegare arrangement. Det kan elles godt vere at det vart sett ny rekord i Senterungdommen på talet på songar som vart pressa inn i ein festmiddag – det var i alle fall ikkje noko å utsetje på stemninga!
I det heile var det ei inspirerande og kjekk helg som gav motivasjon til å jobbe vidare med å spreie Senterungdommen sin gode politikk til land og strand! Sogn og Fjordane Senterungdom stiller sjølvsagt på vårsleppet neste år. Kjem du?
Følgjande deltok frå Sogn og Fjordane: Erlend Herstad, Magnus Reiakvam, Martine Holsæter, Oddne Skrede, Anders Linga, Aleksander Øren Heen og Marthe Broch Hauge.