![]() Erling viser oss rundt i vandringssalen på Stortinget. F. v.: Erling Sande, Oddne Skrede, Einar Kjerpeseth, Aleksander Øren Heen, Magnus Reiakvam, Erlend Herstad, Martine Holsæter, Håkon Olsen, Mari Andrea Ness, Mia Gullaksen. |
[23.01.10 02:19] Fylkesstyret i Senterungdommen var tidleg i januar på studietur til Oslo! På programmet stod mellom anna møte med Liv Signe Navarsete i kommunal- og regionaldepartementet, omvisning på Stortinget og eit møte med olje- og energiminister Terje Riis-Johannesen!
Vi kom til Oslo i løpet av kvelden torsdag 7. januar, og først på programmet stod eit besøk til Liv Signe i Kommunal- og Regionaldepartementet! Liv Signe og politisk rådgjevar Anja Hjelseth snakka om korleis kvardagen og arbeidet der er, over pizza og brus. I tillegg vart det ein prat om aktuelle politiske saker i Sogn og Fjordane, mellom anna om ferjer og sjukehus. Resten av kvelden heldt vi oss på puben Eilif’s Landhandleri med gjengen på hovudkontoret til Senterungdommen, Thomas Haug, Siv Sætran og Johannes Rindal! Gooood stemning! :D
Fredag var dagen for det meste av programmet på studieturen. Dagen starta med at Erling tok oss med til Stortinget, der vi åt frukost. Seinare på dagen gav han oss ei omvisning på same stad. Turen gjekk vidare til Olje- og Energidepartementet, der ein travel minister, Terje Riis-Johansen, tok seg tida til å snakke med oss. Han snakka om si fortid i Senterungdommen, mellom anna om då han var med å skipe Skien Senterungdom, og om tida fram til statsrådsstolen. Han gav oss vidare eit par råd: for det første skal ein ikkje planlegge ei karriere som toppolitikar. For det andre snakka han om det å utvikle seg sjølv, og råda oss til å ikkje ”byrje ei karriere som skihoppar ved å hoppe i ein skiflygingsbakke” – det handlar om å gradvis pushe sine eigne grenser, og tore å ofte ta små sjansar.
Dagen heldt fram med fleire fengjande og interessante innleiingar. Medierådgjevar Lars Gjemble i Sp snakka om korleis ein skal forhalde seg til media, medan stortingsrepresentant Trygve Magnus Slagsvold Vedum snakka om stunts og politiske saker, samt om sin eigen kvardag i på Stortinget. Dette gav oss eit spennande innblikk i korleis politikk vert utforma på Tinget, samt om politikarane sine personlege erfaringar.
Vidare gjekk turen til Senterungdommen sitt hovudkontor i Akersgata, der sjefen sjølv, Johannes Rindal, hadde ein bolk om sentralleddet sitt arbeid. Kva fokus for vårt fylke er framover, samt politiske saker som vert fokusert på framover, var sentrale tema. Dette gjeld til dømes høgfartstog, sjukeløn, oljeboring i Lofoten og stemmerett for 16-åringar. Erlend Fuglum, generalsekretær i Senterpartiets Studieforbund, avslutta programmet vårt ved å fortelje kva ein kan lære av å vere med i Senterungdommen. Han snakka om kva ein kan lære av å vere med i Senterpartiet. Mellom anna var Senterparti-skulen eitt av temaa han var gjennom.
Tusen takk til alle vi besøkte i Oslo, turdeltakarar og organisator Irene Nesje Roset for ein super studietur!