Til forsiden
Du er her: Hjem  / Sogn og Fjordane 

Senterungdommen vann ved Årdal vgs

[31.08.11 16:46] Senterungdommen gjekk av med sigeren i skulevalet ved Årdal vidaregåande skule. Oppslutninga vart 36,8%!


Kick-off for skulevala 2011 fann stad i Årdal, og Senterungdommen tok med seg sigeren i den første kampen om veljarane i dei vidaregåande skulane. Med ein oppslutnad på 36.8% tok Sp ein nokolunde klar siger framfor Arbeidarpartiet, som fekk 33,7%. Senterungdommen sin oppslutnad er 11,3 prosentpoeng høgare enn ved valet i 2007.

Det kan ved første augekast verke som ein skikkeleg bortesiger, noko det i og for seg er. Faktum er at senterungdomsrørsla står vel så sterkt i Årdal som nokon andre stader i Sogn og Fjordane. Industribygda har nemleg i fleire år hatt eit aktivt og engasjert lokallag i Senterungdommen.

Til saman røysta 191 elevar ved skulevalet i Årdal, inkludert 17 blanke røyster.

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut