|
|
[06.09.11 23:45] Senterpartiet vart tredje beste parti under årets skuleval i Sogn og Fjordane.
Senterpartiet vart tredje beste parti under skulevalet i Sogn og Fjordane, med 17,6 % oppslutnad og 467 stemmer. Arbeidarpartiet vann med 27,3% av stemmene, medan Høgre tok ein knepen andreplass med 18,1 %.
Valet markerar difor det svakaste resultatet for Senterpartiet i kommune- og fylkestingsvalet sidan 1997. Tilbakegangen er på 12,2 prosentpoeng sidan valet i 2007.
Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti gjorde òg svake val, med oppslutnad på høvesvis 7,4 % og 6,5 %. Fallet i oppslutnaden om dei to fløypartia er eit trekk som har vist seg på landsbasis.
Sjå fullstendig oversikt over oppslutnad samt historikk på www.samfunnsveven.no.