Til forsiden
Du er her: Hjem  / Sør-Trøndelag 


Vi har blitt invitert til Møre og Romsdal! :

SOMMERLEIR 1.-3.JULI

 


Invitasjon til sumarleir!! 1-3.juli 2011

Har du lyst til å vere med på den artigaste hendinga i heile sumar? Jo, då burde du ta deg ein tur til Nordre-Sunnmøre for å vere med på Senterungdommens sumarleir!
Leiren startar kl 18.00 fredag 1.juli og er ferdig kl 13.00 sundag 3.juli.

Sumarleiren er eit samarbeid mellom vertsfylket Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag. Så ein får møte mange nye, og mange gamle senterungdommar denne sumaren.
Leiren blir arrangert på Krogsætra i Haram Kommune. Der skal ein overnatte i telt på garden til fylkesleiar i M&R, Marit Krogsæter. Der blir det mykje sosialt, kurs og aktivitetar for dei fleste frå nybegynnar til erfaren. Noko for ein kvar.

Krogsætra er ei lita bygd oppi Vatnedalen, der det ikkje er noko kollektivtransport. Men det går ann å ta buss til Vatne, og så blir ein henta der med personbil. Dette kjem ein tilbake med når påmeldingsfristen er ute.

KURS MAN KAN VÆRE MED PÅ:
Verving m/Lise Bjerknesli ELLER Ny i Senterungdommen m/Erland Herstad
Mediakurs m/ Nils Ramsøy
Valgkampskolering m/ overraskelse
Vervekurset og Ny i Senterungdommen går samstundes, så i påmeldinga må du seie frå kva kurs du vil vere med på.

Påmelding til Marit Krogsæter på mnk@sp.noeller på telefon 91832844 innan 21.juni!! Eigenandelen er på 300 kroner og skal betalast til kontonr 3910.40.61544 ved påmelding.
Merk betalinga med namn!!
I påmeldinga skal det vere med:
Alder
Adresse
Kva kurs du vil vere med på
Allergiar
Kontaktinformasjon (mail og telefon)


Me ser deg på Krogsætra 1-3.juli!
Vertsfylket
Møre og Romsdal Senterungdom

 

(Dersom du er Sør-Trønder og vil på sommerleir, men er usikker på skyss o.l. - ta kontakt med ungdomssekretær Gunn på gjs@sp.no, så ordner vi det!)

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut