Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens landsstyre 28. januar 2006:

Yrkesfag må forbli eit sjølvstendig alternativ

 


Senterungdommen set stor pris på den satsinga som no er i gang, når det gjeld kunnskap og kompetanseheving i vidaregåande opplæring, men vi fryktar at ei omlegging mot at all vidaregåande utdanning gjev studiekompetanse vil stogga denne utviklinga, gjennom at færre vel allmennfag. Konsekvensen kan bli at det samla kunnskapsgrunnlaget frå vidaregåande vil synke enda meir enn ein hadde rekna med.

Dagens krav om generell studiekompetanse gjev eit grunnlag for elevane sjølve. Dei skal ha den kunnskapen og den teoretiske arbeidskapasiteten som krevst vidare. I dag gjev ikkje dei yrkesfaglege linjene dette i stor nok grad. Senterungdomen har tidlegare gått imot auka innslag av teoretiske fag på dei yrkesfaglege linjene. Det er viktig at desse opprettheld sin sjølvstendige status som kanalar for å skaffa samfunnet praktisk og viktig kunnskap – og som alternativ for elevar som etter grunnskolen ønskjer meir praksis og mindre teori. Det er viktig at dei som har vald ei yrkesfagleg utdanning på ein relativt enkel måte kan skaffa seg den nødvendige tilleggskompetansen for å oppnå generell studiekompetanse. Det er og viktig at elevar som tar fagbrev og blir belønna for å ha skaffa seg brei og relevant kompetanse for videre studiar.

Senterungdommen går inn for:

  • At alle inntil 30 år skal ha lovfesta rett til eit påbyggjingsår som gir generell studiekompetanse
  • Eit krav om generell studiekompetanse må liggje til grunn for opptak til høgare utdanning. På toppen av dette bør relevant praksis og fagbrev premieras med tilleggspoeng. Departementet bør sjå på løysingarfor korleis dette kan gjennomføras. Heile ordninga med tilleggspoeng bør gåes igjennom og revurderas som ei følgje av dette.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut