Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens Landsmøte 9. november 2008:

Styrk studenthelsetenesta

 


Studentar er i ein spesiell livssituasjon. Dei fleste flyttar midlertidig til ein studiestad som er langt frå heimen og dei kommunale helsetilboda på heimstaden. Senterungdommen meiner at studentar, som alle andre, har bruk for eit godt allmennmedisinsk og psykisk helsetilbod. Denne oppfatninga står diverre i ein trasig kontrast til det ofte skremmande dårlege helsetilbodet på studiestedane.

Ein har i dag langt frå tilstrekkelege helsetenestar ved dei fleste studiestadane. Verst i klassen er Stavanger og Trondheim kor om lag 20000 studentar er tilknytta samskipnaden, og studenthelsetenesta med tilbod om 9 timer helsesøster i veka fordelt på 8000 studentar, og Trondheim der helsetenesta er open 3,5 timer i veka. I tillegg har ein varierande tilbod innan psykiske helsetenester ved dei fleste studiestadar.

Det at studentane ikkje har faste helsetilbod på studiestadane fører med seg ekstra belastning på både legevakt og andre lokale akutte tenester, som til dømes innan psykiatrien. Det må vere prioritert å fange opp studentane og deira helseproblem på eit tidlig tidspunkt slik at studentane gjennomførar studia, at dei ikkje får langsiktige og/eller kroniske plager og at dei trivst. Dette kan ein få til ved å styrke tilboda ved utdanningsinstitusjonane.

Me lev i eit samfunn som treng stadig meir høgt utdanna personell. For å få dette til må me leggje til rette for at flest mogleg kan ta høgare utdanning, og at dei som vel å gjere det vert godt ivaretatt. Difor ynskjer landsmøtet i Senterungdommen at:

  • At alle studentar skal ha tilbod om ei heilskapeleg helseteneste i regi av den lokale studentsamskipnaden og vertskommunen. Dette innebærer legeteneste, tannhelseteneste og psykisk helseteneste.
  • At alle studentsamskipnadene som tilbyr psykisk helseteneste skal få likestilt statsstøtte.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut