I samband med innføringa av Kunnskapsløftet oppsto det eit problem for mengder av norske skuleelevar. Dei fekk nemleg ikkje skulebøker til rett tid. No har det seg sånn at det er ei gruppe elevar som ikkje har fått skulebøker til rett tid sia 1976, nemleg nynorskelevane. For bokmålselevane er det derimot eit nytt problem.
Nynorsk og bokmål er jamstilte i Noreg. I alle fall på papiret, diverre gjer mangla på nynorskeskulebøker at fleire blir tvunge til å ha lærebøkene sine på bokmål. Dette fører i praksis til at nynorskbrukarane blir tvunge til å byte til bokmål. Og kven gidd vel eigentleg å sloss for rettane sine, år etter år, når dei likevel ikkje får gjennomslag? Senterungdomen ser dette som ei kraftig diskriminering av ei elevgruppe. Dette er ei diskriminering som diverre har gått for seg alt for lenge, utan at nokon har retta fokus mot ho.
Vi har no fått ein ny kunnskapsminister, og han må vise kva han er god for. Det går ikkje at tusenvis av elevar går og ventar i fleire veker på skulebøkene kvart einaste år! Difor krev landsmøtet i Senterungdomen at Kunnskapsdepartementet innfører økonomiske straffetiltak mot forlaga som ikkje greier å levera skulebøker i tide til skulestart. Det vera seg nynorskbøker som bokmålsbøker.
Det dreier seg trass alt om lovbrot mot fleire tusen menneske!