Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedteke av Senterungdommens sentralstyre 24. august 2008:

Hakk i plata, Unge Høgre!

 


Unge Høgre har nettopp vedteke sitt nye utdanningsprogram Lovende Fremtid. I tillegg til skolepengar, karakterar i barneskulen og eliteskule for barn, gjentek Unge Høgre mantraet sitt om valfritt sidemål på ungdomsskulen. Senterungdomen er forundra over at eit ungdomsparti som snakkar seg blå på kvalitet i skulen, ikkje ser verdien av at ein nyttar begge skriftspråka også vidare i utdanningsløpet.

Den logiske bristen blir total når Unge Høgre i same program ønskjer obligatorisk andre framandspråk frå tredje klasse. Ein skal altså ha norsk, engelsk og eit tredje språk frå 3. klasse. Da blir Unge Høgre sine gjentakingar om valfritt sidemål på ungdomsskulen ei mager trøyst for dei elevene som er fagleg sterke på andre område enn språk.

Senterungdomen ønskjer obligatorisk sidemål ut vidaregående. Valfritt andre framandspråk bør på sikt bli eit tilbod allereie på barneskolen.

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut