Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt på Landsmøte 2010:

Ta livet av ungdomsulukkene no!

 


Media har i sumar hatt stort fokus på alvorlege ulukker på vegane der ungdomar er involverte. Ungdom mellom 16 og 24 står for 25 prosent av dødsulukkene på norske vegar, men i 2009 var talet på 30 prosent. Ein gjennomgang av ungdomsulukkene på Vestlandet dei siste ti åra, viser at 90 prosent skjer utanfor tettbygde strok. Ulukkene skjer helst i helgene, om ettermiddagen, kvelden eller om natta. 80 prosent av dei omkomne er menn. Senterungdomen meiner det er naudsynt med tiltak for å få ned talet på ungdomsulukker no! Me trur løysinga mellom anna ligg i tiltak som fremjar gode og modne sjåførar. Kjøreopplæring i skulen vert då eit viktig verkemiddel. Samstundes må ungdom ha alternativ til bilkjøring i helgene når dei fleste ulukkene skjer.

Senterungdom vil:

  • At "Trygt heim for ein 50-lapp" vert tilgjengeleg for alle ungdomar i Noreg.
  • Gje ungdom høve til å ta kjøreopplæring ved dei vidaregåande skulane .
  • Gje ungdom høve til å ta trafikalt grunnkurs i ungdomsskolen.
  • Forbod mot SMS-varslingar av politi-kontroller.
  • Lage strengere reglar for prikk-belastning ved trafikkregelbrot.
  • Fjerne effektsperren på 50 ccm mopeder.
  • Tips en venn

    Skriv ut Skriv ut