Endå eit nytt EU-direktiv er på full fart inn i den norske kvardagen. Denne gangen er det sikkerheita til sjøs som skal ordnast i frå byråkratane i Brussel. Dei vil innføre eit kontrollregime på høgde med den kontrollen som skjer på flyplassane, for reisande med ferje og hurtigbåtar i Noreg. Nok eingang viser desse betrevitarane i Brussel at dei ikkje kan skape praktisk politikk i Noreg. I eit langstrakt land som Noreg med utallige ferjer, hurtigbåtar og Hurtigrute vil dette direktivet gjere det nesten umogeleg å reise for vanleg folk.
Terror mot skip har endå ikkje vore aktuelt i Noreg. Lat ikkje byråkratane få skape ein ikkje eksisterande trusselen, og spreie redsel på fjordane våra. Vi som nyttar ferjene dagleg vil føle oss som terroristar og ikkje som vanlege folk om dette direktivet blir innført.
Hurtigruten er i mange lokalsamfunn den lokale kafeen, men med innføring av dette regelverket får ikkje andre enn dei som har løyst billett komme om bord. Det gjer at mange vil miste sin daglege møtestad, fordi vi skal late oss skremme av eit EU direktiv.
Å reise med ferje er i dag det mest naturlege vi gjere i distrikta. Mange nyttar ferjene og hurtigbåtane opp til fleire gangar for dag. Viss desse nye terrorsikringane blir ein realitet vil folk bruke langt lenger tid på reisa, og det å bu i distrikta vil verte umogeleg.
Senterungdomen krev at sunn fornuft blir nytta i denne saka, og at samferdsleminister Liv Signe Navarsete stoppar dette direktivet. Senterungdomen vil at folk skal få nytte ferjene, hurtigbåtane og hurtigruten slik som i dag utan terrorsikring.