Stamvegen mellom Trondheim og Bergen er i dag lang og kronglete. Dette fører til store utgifter for transportsektoren og unødvendig høge klimautslepp.
Sogn og Fjordane Senterparti meiner standarden på stamvegen mellom to av landets største byar er uakseptabelt dårleg. Eit av forslaga som har kome er å laga tunnel mellom Årdal og Forthun og mellom Forthun og Lom. Utrekningar syner at desse to utbyggingane vil kunne gje innsparingar i reisetida mellom Trondheim og Bergen på 3 – 4 timar, noko som vil gje ei ny køyretid på ca 9 timar.
Kutt i reisetida av denne storleiken vil gje mykje mindre drivstoffbruk, dette vil gje gode resultat både for klimaet og konkurranseevna til norske verksemder. Ved å bygga ut desse tunnelane vil ein også gjera strekninga Trondheim – Bergen ferjefri. I tillegg vil driftssikkerheita vinterstid verta mykje betre, då ein kan køyra i tunnel i staden for til dømes over Strynefjellet.
Senterpartiet i Sogn og Fjordane krever difor ei fullverdig offentleg utreding om ein ny heilårsveg mellom Trondheim og Bergen via Indre Sogn!