Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens landsmøte 2006:

Bil og bane - saman for effektivitet og miljø

 


I debattar rundt samferdsel og miljø, får ein ofte inntrykk av at det er ei motsetning mellom utbyggjing av veg og jernbane. Slik er det ikkje! Desse transportformene utfyller kvarandre og slik vil det halde fram å vera. Jernbanen må bli den viktigaste kommunikasjonsforma mellom dei største byane og i lokaltrafikk på det sentrale austlandsområdet. Her er regjeringa i gang med satsinga, men det må berre vera ei byrjing på noko langt større! Noreg har ei unik moglegheit til å investera i jernbaneformer for framtida! Senterungdommen vil på det sterkaste oppmode regjeringa om å arbeide for høghastigheitssamband i Noreg. Ei høghastigheitsbane er eit reelt alternativ til flytrafikken, med reisetid mellom Oslo og Stavanger, Bergen, Haugesund eller Trondheim på rundt 2.5 timar. Dette er eit miljøvenleg alternativ til fly som vil konkurrera både på tid og pris. Høghastigheitsbane vil og vera svært konkurransedyktig på frakt av gods som i dag går med tungtransport.

I statsbudsjettet for 2007 vert NTP følgd opp, dette er ein god start og det er verkeleg naudsynt å koma i gong med etterslepet på vedlikehaldssida. Men framover må vegutbyggjinga få ein langt større prioritet enn det som har vore tilfelle dei siste åra. Ein god infrastruktur er absolutt naudsynt for å kunne oppretthalde eit levedyktig næringsliv i heile landet. I tillegg er ein betre vegstandard ei investering i trafikktryggleik og er med på å hindre at liv går tapt.

I dag er privatbilismen den største miljøsyndaren vi har. Det må ikkje halde fram. Det er her vi må tenkje nytt og dristig! Nye drivstoff for bilar er endeleg på veg frå laboratoria og ut på vegane! Vi snakkar om biodiesel, etanol, el-bilar og ikkje minst hydrogen som ligg litt lengre fram. Når alternativa til fossile drivstoff bankar på døra, er det heilt avgjerande at styresmaktene legg til rette for drivstoffomlegginga!

Her har vi noko å læra av Sverige som t. d. har mål om 1000 etanolstasjonar innan 2008. Dersom styresmaktene bestemmer at bilar som går på miljøvenleg drivstoff skal vera merkbart billegare enn konvensjonelle bilar, vert produsentane stimulert til å tilby fleire slike bilar og det vert fleire kjøparar!

Noreg har alle moglegheiter til å bli eit føregangsland for sikker, effektiv og miljøvenleg samferdsle, vi har teknologi, vi har energiressursar og vi har pengar. Sjansen er historisk! Senterungdommen krev storsatsing på både veg og bane, og meiner dette er noko av det viktigaste vi kan gjere både for miljø og for næringsutvikling.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut