Til forsiden
Du er her: Hjem  / Rogaland 


Marte W. Nesheim:

Vanskeleg å ta teoriprøven i Stavanger – få teoriprøven inn i skulen!

[15.03.11 17:24] Rogaland Senterungdom jobbar for å få teoriprøven inn i skulen. Det skal ikkje vere nødvendig å få fråvær for å ta ein slik prøve. Rogaland Senterungdom meiner også at ordninga slik den føreligg i dag der du ikkje får vite kva du svara feil på er altfor dårleg, og kan i verste fall føre til trafikkulykker.


For det første er opningstidene til Stavanger Trafikkstasjon alt anna enn tilpassa ein lærling eller skuleelev. Trafikkstasjonen opnar klokka 08.00 eller 09.00 og stengjer kl 15.15 kvar dag, utan om tysdag då dei har oppe til klokka 18. For ein vanleg skuleelev eller læring seier det seg sjølv at dersom du har ein aktivitet på tysdagen, må du ta deg fri frå skulen for å faktisk ta teoriprøven.

Som om det ikkje skulle vere nok med opningstidene, er bussforbindelsane til Stavanger Trafikkstasjon alt anna enn gode. Det går nokon ekspressbussar til område tidleg om morgonen, og om ettermiddagen, men elles er det temmeleg bussfritt. Du må difor forberede deg på ein omfattande sightseeingtur når du skal kome deg både til og frå trafikkstasjonen.

Når du endeleg har kome deg ut til Stavanger Trafikkstasjon, avlagt teoriprøven, og fått resultata, er du sjølvsagt nyfiken på kva det var du svarte galt på dersom du ikkje har fått alt rett. Det får du ikkje. Du får vite innanfor kva emne du hadde feil, men du får ikkje vite kva spørsmål du hadde feil på, og difor ikkje heller kva som er rett svar på dette spørsmålet.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut