Til forsiden
Du er her: Hjem  / Fylkeslag  / Rogaland 


Engasjement:

Ungdom og politikk

[06.09.11 09:15] Ordførarkandidaten til Senterpartiet i Sauda, Eirik Birkeland, fekk spørsmål av lokalavisa Ryfylke om hans engasjement i politikken og kva tankar han har om ungdommelig engasjement. Sjå svara her.


Kvifor engasjerer du deg i politikken?

Først og fremst fordi eg er umåteleg glad i heimplassen min. Eg valde Senterpartiet fordi eg er opptatt av at det må bli ei større gjensidig forståelse av kor avhengige by og bygd er av kvarandre. Eg meiner me treng nye tankar i det politiske Norge. Det er behov for ungdom som evnar å tenka heilt nytt og utanfor tradisjonell sentraliseringstankegang.

 

Kva bør gjerast for å få endå fleire unge til å delta i dei politiske fora?

Utfordringa blir å synleggjere for ungdom kor stor påverknadskraft dei får om dei engasjerer seg. Det er alt for få som engasjerer seg i partiorganisasjonane, unge som gamle. Om ungdommen ville kunne dei lett ”kuppa” eit årsmøte, i kva parti som helst i Sauda, og satt premissene for kva politikk partiet skulle føra lokalt. Eg meiner det er viktig å ufarleggjera politikken ved å auka kunnskapen om korleis ting fungerer, betre undervisning i skulen om korleis organisasjonar er oppbygd ville vore ein god start.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut