|
|
[23.07.09 00:00] Kristine blogger om politiutdanning.
Nokre gonger dukkar det opp ting i nyhetsbiletet som gjer det vanskeleg å avgjera om ein skal le eller grina. Det kan vera agurker (været, som er for varmt, for kaldt, for vått eller for tørt), saker som får overdreven merksemd (Michael Jackson, som tydlegvis er død, og griseflunså), eller politikk som er så hårreisande at det eigentleg ikkje finns ord. I dag skal me snakka om det sistnemde. Og det handlar sjølvsagt om FrP, kven ellers?
Det har seg slik, at i Noreg så har me for lite politifolk. Og det er eit problem (det seier seg eigentleg sjølv). I Senterpartiet er me oppteke av å sikra rekruttering til politiet, det trengs jo. Men det er ikkje nok å berre få folk til å ha lyst til å bli politi, me må òg ha ein studieplass å tilby dei. Det ynskjer me å få til gjennom å oppretta ein ny politihøgskule, og gjennom fjernundervisning. Vidare ynskjer me å frigjera politiutdanna personell, med å ta i bruk svile i større grad.
FrP ser diverre problem, der me andre ser løysningar. For det nyttar jo ikkje at me får fleire politistudentar, når dei ikkje er ferdigutdanna før i 2012, og ja, det er eit problem. Korleis landets nest største parti ynskjer å løysa det problemet er derimot ingenting anna enn skremmandre. Justispolitisk talsmann for partiet, Jan Arild Ellingsen, seier i ei uttaling på partiet sine heimesider at dei ynskjer å gjera politiutdanninga til eit årsstudium. Dette er ikkje noko anna enn hårreisande politikk.
I Noreg ligg me i dag på verdstoppen når det gjeld politiutdanning, men det er jo triveleg at FrP ynskjer å endra på det. Det me andre prøver å bygga opp, riv FrP ned, og det er greit å vita.
Eg er utruleg stolt av at me har så god politiutdanning som me har, i dette landet. Det er livsviktig, bokstavleg talt, at den instansen i Noreg med monopol på vald er både rett og godt utdanna. Viss ikkje kan det fort bli farleg i gatene, både for deg og meg. Og det er vel eigentleg trygge gater som er målet med meir politi?
Kjære FrP, av og til må kvalitet gå framføre kvantitet.