Til forsiden
Du er her: Hjem  / Rogaland 


Lappen som valgfag

[02.09.11 18:38] Senterpartiet i Rogaland vil ha køyreopplæringa inn i videregåande opplæring i Rogaland som valfag. For SP er det viktig at alle – same kor dei bur – skal få ta del i samfunnsutviklinga.


 

SP vil ha lappen som valfag i den videregåande skulen.

 

Senterpartiet i Rogaland vil ha køyreopplæringa inn i videregåande opplæring i Rogaland som valfag. For SP er det viktig at alle – same kor dei bur – skal få ta del i samfunnsutviklinga.

 

Ølen og Ryggjabø videregåande er dei eineste skulene i Rogaland som har tilbod om køyreopplæring som valfag. SP i Rogaland meiner at dette tilbodet kan vere aktuelt for fleire skular i Rogaland, og vil ta saken opp i Opplæringsutvalet i fylket. I første omgang er det mest aktuelt for Indre og Ytre Ryfylke og Dalane regionen. 

Innhald og organisering av tilbodet varierer fra skule til skule. Tilbodet som Ølen vgs gir har vist seg godt motteke. Etter modell fra Ølen vil SP gi følgande tilbud:

 

  • Tilbod om lån av læreboka ”Veien til førarkortet”.
  • Tilbod i regi av køyreskule om 15 timers gratis teorikurs på skule etter skuletid, inkludert måltid og gratis arbeidsbøker. Teorikurset gir elevane eit godt fagleg grunnlag, samt at dei sparer tid til gjennomgang av teori i vanlege køyreøkter, dermed sparte timer og kostnader.
  • Tilbod i regi av køyreskule om ”bli kjent med bilen” der køyreskulen hentar og leverer elevane ved skulen i den første delen av opplæringa.
  • Tilbod i regi av køyreskule om ordinære køyretimar etter 15.30.
  • Køyreskulen hentar og leverer elevar ved skolen til glattkøyringskurs, og landeveiskøyring.

 

Evaluering av prøveprosjekta i perioden 2007-2009 på 6 videregåande skuler i landet (ingen fra Rogaland) har vist gode resultat:

 

  1. Strykprosenten for førerkort har gått ned
  2. Fråværet i videregåande opplæring har gått ned
  3. Kostnadene med å ta førerkortet har gått ned

 

Dette er eit viktig bidrag til auka trafikktryggleik der mengdetrening er det som skal til for å skape dyktige sjåførar. Det er særs dyrt å ta lappen, og mange har ikkje råd. Det er ikkje noko stort problem for dei som bur i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger med eit godt utbygt kollektivtilbud. For oss som bur i eit spredtbygt fylke, er bilen viktig for at ungdom skal kunne leva aktive liv og kunne koma seg rundt. 

 

SP trur at eit slikt tilbod på skulen vil bli godt motteke av ungdommen. Senterpartiet trur også at rektorene vil vere positiv til forslaget om å tilby dette som eit valfag på skulen.

 

Ønskes meir opplysningar, kan 3. kandidat på SP si fylkestingsliste, Alf Henning Heggheim (tlf. 482 78 857), eller leiar for Senterungdommen i Rogaland og 5. kandidat til SP si fylkestingsliste, Leif Christian Andersen (tlf. 906 52 532) kontaktast.

 

YOUTUBE VIDEO HER

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut