Til forsiden
Du er her: Hjem  / Fylkeslag  / Rogaland 


NorthConnect med planar om 2000MW utanlandsforbindelse:

Kritisk til plassering av omformaranlegg

[02.06.11 23:07] Leiar i Sauda Senterparti og styremedlem i Rogaland Senterungdom, Eirik Birkeland, er kritisk til storstillt nedbygging av dyrka mark i Sauda, som følge av NorthConnects planer om ein 2000MW utanlandskabel frå Sauda til Storbritania. NorthConnect legg opp til at det 150daa store anlegget skal ligga på kommunens industriområde på Birkelandsmoen.


Hvis anlegget blir lagt på Birkelandsmoen vil resten av kommunens industriområde på Birkeland bli oppbrukt, og kommunen må ganske snart bruke store ressurser på å opparbeide nytt industriområde, og då er som alltid dyrka mark truga. Birkelandsmoen er òg kontroversiell pga av nærhet til tett befolka område, me kjenner jo til at det har vore store problem med støy på liknande anlegg i Kvinesdal (NorNed) der folk har flytta frå hus og heim. Det er stor usikkerhet om helsefarane grunna stråling frå høgspenningsanlegg, og kva om det skjer ei storulykke?

I Senterpartiet kom idèen om fjellhall opp ganske tidleg og me la òg dette fram for utbyggarane i eit folkemøte. Sjølv om det er kostbart å opparbeide ein fjellhall vil det knapt merkast på totalkostnaden for dette prosjektet, Saudabuen må kreve at anlegget vert lagt i fjell om dette er praktisk gjennomførbart!

For å ha fleire alternativ å ta stilling til seinare vil me òg ha utgreidd om det kan væra muleg å legga anlegget på Ramsnes eller i Honganvik, desse områda er i dag stort sett skog og må opparbeidast av utbyggar.

Me må vera våkne og sikra at kommunen ikkje blir sittande med "svarteper", me er avhengige av  at anlegget vert plassert slik at me kan leva med det til evig tid, noko anna er uaktuelt.

Eit anna aspekt som me må kjenne vår besøkelsestid på, er at kommunen må få noko igjen for å tillata eit slikt anlegg. Det skal investerast rundt 20 milliarder kroner, og spekulantar skal sitta å tjene store penger på kjøp og salg av straum frå Sauda (2000MW er ufatteleg store mengder elektrisitet). Saudabuen får alle ulempane med eit slikt anlegg og må krevje meir kompensasjon enn dei forespeila 5 millionane i eigedomskatt (eigedomskatten er i tillegg avhengig av den til ei kvar tid sittande regjering).

I kommunestyret onsdag 1. juni la Senterpartiet fram eit endringsforslag til Rådmannens forslag til vedtak (høyringsuttale frå Sauda Kommune til utgreiingsprogrammet), då me meinte at administrasjonens forslag var alt for snilt, og ikkje utfordra utbyggar i særleg grad. Me fekk støtte for vårt forslag frå Venstre og Høgre, men signalet frå Arbeiderpartiet var tydeleg på at me ikkje ville få full støtte for vårt forslag. Etter 5 minutt på bakrommet kom eit fellesforslag der Senterpartiets forslag om muleg plassering i Honganvik eller Ramsnes samt Senterpartiets punkt om støy vart fletta inn i rådmannens forslag. Senterpartiet meiner fortsatt at uttalen blei for svak og er skuffa over at me ikkje fekk inn vårt syn om at Birkelandsmoen er uaktell som plassering, men er glade for at Fjellhall, Ramsnes og Honganvik er med.

Senterpartiet i Sauda har i tillegg levert ein eigen høyringsuttale til NVE.

Siste ord i denne saka er ikkje sagt!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut