|
|
[10.06.09 00:00] Me ser dei oftare og oftare, men likevel altfor sjeldan. Hybridbilane. Bilane som kan kutte ein familie sitt karbondioksidutslepp med 60 prosent. Så kvifor er ikkje vegnettet fullt av slike vindundermaskinar?
Honda sin hybridbil Insight, toppa salslistene for april i Japan. Dette tyder på at det ikkje lenger er teknologien det står på, men kjøpeviljen. Ein må rett og slett gjere det populært å kjøpe og kjøre miljøbil i Noreg, enten det er hybridbil eller el-bil. Ein må lage parkeringsplassar med moglegheit for lading over heile landet, og ein må leggje om avgiftspolitikken slik at det løner seg både å kjøpe og kjøre miljøbil. Ein bør også gje miljøbil-eigarar gode som moglegheit for å køyre i kollektivfeltet eller gratis parkering. Dette er med andre ord omfattande endringar som må til, og det må skje no!
Dersom ein ser på den økonomiske sida av saken, treng ein ikkje å vere økonom for å forstå at det er store investeringar som må til. Likevel meiner eg at gevinsten ein sit igjen med, er mykje større; ein kjem til å kutte CO2 utsleppa i landet vårt betrakteleg! Det er difor viktig at ein begynner med desse investeringane allereie no, først og fremst fordi jo fleire miljøbilar me får, jo betre er det, i tillegg til at i eit økonomisk perspektiv er det meir lønsamt å for eksempel byggje ein parkeringsplass for miljøbil medan dei faktisk grev opp vegen, enn å vente to år, for så å greve opp vegen igjen, å så lage parkeringsplass for miljøbil. I Noreg er me kjende for å tenkje altfor lite langsiktig, noko som kostar samfunnet mangfaldige millionar i året. Difor bør me starte no, og ikkje om to år.
Marte W. Nesheim, Styremedlem Rogaland Senterungdom