Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Ein kan ikkje setta ein pris på tryggleik

27.02.2018

Fleire og fleire statlege institusjonar som helsevesen, politi og forsvar snusar på moglegheita til å få utanlandske aktørar til å levere IT-tenester for dei. Nokon har allereie gjort det. Dette inkluderer meir enn berre lagring av sensitive data, men dette er ein del av det.  

Dette går på kostnad av viktige norske arbeidsplassar i IT-sektoren, men aller mest på tryggleika og personvernet til bla. pasientar og politifolk.  

Erfaringar frå både offentleg og privat sektor, frå innland og utland, viser at å få utanlandske private aktørar til å lagre sensitive data ikkje er ei god nok løysing for noko anna enn at det moglegvis er litt billegare. 

Helseminister Bent Høie innrømmer sjølv på nrk.no 25.10.17 at han ikkje har kontroll på kven som har tilgang til sensitive pasientdata som Helse Sør-Øst har fått utanlandske IT-selskap til å handtere for seg. 

På grunn av alle problem med tryggleik og for å bevara norske arbeidsplassar i IT-bransjen vil difor Senterungdommen at alle sensitive data som staten sitt på skal lagrast på norske serverer.  

For å gjere dette på ein oversiktleg og god måte føreslår me at det vert oppretta ein statleg serverteneste for lagring av sensitive data. Dette vil vere ein teneste som alle statleg institusjonar kan nytta seg av (litt som Altinn, berre for datalagring), og skal sjølvsagt ha alle moderne tryggleikstiltak. 

Senterungdommen vil: 

  • Stoppe all lagring av sensitive data av norske statlege institusjonar i utlandet. 
  • Opprette fleire statlege servertenester for lagring av sensitive data.