Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Digitale læringsressursar på eleven sitt hovudmål

22.11.2017

Eit generelt problem med læremiddel og lærebøker ikkje lenger må gjennom ei offisiell kvalitetssikring. Skulane kan difor ikkje vere sikre på at produkta dei kjøper ikkje innheld feil og at dei har god språklege kvalitet. Lærebøker utan skrivefeil og faktafeil er eit minstemål, og me treng ei kvalitetsikring som sikrar god kvalitet.»


Opplæringslova §9.4 sikrar at alle elevar i Noreg får lærebøker og andre læremiddel på sitt eige hovudmål: «I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.»

At norske elevar har rett å få lærebøker på sitt hovudmål er ein bærebjelke for at norske elevar skal lære hovudmålet sitt skikkeleg. Denne retten vert utfordra av at fleire og fleire skular tek i bruk nettbrett og appar i undervisinga, og at mange læremiddel har mange digitale ressursar på nett. Her er ikkje reglane like klåre som dei er for læremiddel på papir. At læremiddel går over i eit nytt medium, skal ikkje gå ut over elevane sine språklege rettar.


Eit overordna problem med læremiddel og lærebøker ikkje lenger må gjennom ei offisiell  kvalitetssikring. Skulane kan difor ikkje vere sikre på at produkta dei kjøper ikkje inneheld feil og at dei held den høge språklege kvaliteten elevane treng. Mange skular merkar at nynorskbøkene, som ofte vert omsett frå bokmålsutgåvene, har lågare kvalitet og fleire skrivefeil. Lærebøker utan skrivefeil og faktafeil er eit minstemål, og me treng ei kvalitetsikring som sikrar god kvalitet. Språkrådet og Utdanningsdirektoratet må få på plass att ei slik ordning.


Senterungdomen meiner at

  • Opplæringslova og forskrifter må oppdaterast til å omfatta digitale læremiddel og appar slik at dei kjem på både nynorsk og bokmål, til same tid og same pris.
  • Språkrådet og Utdanningsdirektoratet må oppretta ei offisiell kvalitetssikring av læringsressursar, både av språkleg kvalitet og fakta.
  • At det skal ligge føre ei tilskotsordning til omsetjing av digitale læringsressursar, slik det per no gjer til omsetjing av lærebøker.
  • Organisasjonar og institusjonar som får offentleg stønad til å laga materiell til skulen, må laga dette på både nynorsk og bokmål.
  • Det skal vere ei offentleg kvalitetsikringsordning som sikrar at digitale og analoge læremiddel har eit godt fagleg innhald og held høg språkleg kvalitet.