Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Bygg framtidas infrastruktur no

01.08.2017

Senterungdommen meiner lyntog vil styrke distrikta, gje større bu – og arbeidsmarknadsregionar og redusere avstandsulemper, samt gje ei balansert utvikling i heile landet. I motsetnad til fly har tog fleire stopp og stasjonar undervegs, slik ein kan styrke samfunns- og næringsutvikling i større delar av landet. Godstrafikken har eit behov for styrka kapasitet, kvalitet og regularitet på bane og i samband med persontrafikk dannar dette eit godt marknadsgrunnlag for konkurransedyktige lyntogbaner i eit fleirbrukskonsept.

Ein konkurransedyktig jernbane er ei effektiv og miljøvenleg transportform. I tråd med Paris- avtalen må Noreg gjennomføre store kutt i klimautslepp. Senterungdommen meiner at ein lyntoginfrastruktur tilrettelagt for person- og godstransport mellom dei store byane i Noreg, med mellomliggande stasjonar, vil vere eit viktig bidrag til å oppfylle desse klimaforpliktingane.

Senterungdommen meiner at ein må starte å byggje framtidas infrastruktur no og ta ansvar for å vidareutvikle Distrikts-Noreg på ein miljøvenleg måte.

Senterungdommen vil:

  • At lyntog skal prioriterast i NTP 2018-2029

  • Byggje lyntogtrasé med dobbeltspor for å kombinere person- og godstransport

  • At det skal prosjekterast for lyntog ved store fjordkryssingsprosjekt

Vedtatt av Senterungdommens landsmøte 6. november 2016