Til forsiden
Du er her: Hjem  / Oppland 
Leserbrev :

Landbruksskulens framtid

[10.12.09 10:18] I dette leserbrevet beskriver Lene Helland, varamedlem i styret til Oppland Senterungdom, hvorfor det er viktig å ha fortsatt satsing på høyere landbruksutdanninger, samt hvor viktig det er å profilere disse studiene.


 

                                                 Landbruksskulens framtid

 

Over heile landet blir det lagt ned fleire og fleire landbrukslinjer. Vi  i Oppland senterungdom spør oss kvifor dette ikkje er noko vi bør kjempe meir for å behalde?  Ein av grunnane til nedlegging er at det er  alt for liten søkning, og difor blir det svært dyrt å drive desse skulane. I tillegg ligg fleire av landbruksskulane i usentrale strøk og det kan ofte væra meir freistande å gå på meir sentrale stader, men også desse står i fare for å bli lagt ned. Bondeyrket er eit yrke som få vel, og det blir heller ikkje alltid sett på som eit yrke med høg status. Mange bønder må i dag ta både 3- og 5-årig utdanning, burde ikkje det då få like høg status som andre yrker med like lang utdanning? Kva slags signal gjer då nedlegging av landbruksskular?

Det kjem stadig endringar inn i landbruket, ny teknologi og nye idear. Det krev god fagleg kompetanse for å møte landbrukets utfordringar som kjem i framtida. Viss vi vil ha eit norsk oppegåande landbruk i Noreg må vi stå på for å møte dessa utfordringane.

Blæstad, som er ein del av Høgskulen i Hedmark,  er ei av skulane som står i fare for å bli nedlagt. Det er ei viktig linje, særlig for økologisk landbruk, som er eit viktig satsingsområde for det norske landbruket i framtida. Dette er eit av tilboda som blir fjerna frå Blæstad frå og med neste år. I dag tilbyr studiestaden to utdanningar: Den eine er den klassiske landbruksteknikken, som er unik i sitt slag i Norden. Her går teori og praksis hand i hand. På denne linja utdannes profesjonelle bønder og vegleiarar. På dette studiet får ein god innsikt i konstruksjonar på reiskap og maskiner, og kva slags reiskap og utstyr som er egna på den enkelte gard. Dette er viktig for å drive godt økonomisk. Den andre studieretninga feirar snart tiårsjubileum, og er ei utdanning innan moderne økologisk landbruk. Ingen andre skuler i Norden har ei så grundig utdanning innan dette feltet. Begge studielinene finns i treårig bachelorutgåve, samt som årsstudie på deltid over to år. Med aukande satsing på økologisk landbruk, meiner vi derfor at denne skulen bør bevarast. Landbrukssektoren er som nemnt i stadig utvikling, og det settes stadig større krav til profesjonell drift av landbrukseinheiter. Blæstad bør da, med sitt landbruksstudie, væra eit godt alternativ for å utdanne profesjonelle gardbrukarar og vegleiarar. Ei av målsetjingane i Soria Moria II er at 15 prosent av landbruksproduksjon her i landet skal være økologisk innan 2020. Korleis kan ein gjennomføre dette når mange slike landbrukslinjer står i fare for å bli borte? Det er jo kjent at for å lykkast som økologisk bonde bør ein ha god kompetanse når det gjeld drift og agronomi. Blæstad er også ei landbruksskule som ligg sentralt til mellom fleire jordbruksfylker. I tillegg har det dei siste åra vore stor satsing og utbygging der.

Grunnen til nedlegging er at det har vore dårleg rekruttering gjennom fleire år. Det er fleire grunnar til dette.  Det har blant anna vore liten informasjon og rekruttering frå Høgskulens side.  Difor er det kjempeviktig at Høgskulen blir flinkare med dette. Ein anna grunn er at landbruket er blitt mindre interessant for ungdom. Då er det også enda viktigare å halde på dei som vil og ynskjer å satse på eit slikt yrke. Vi håpar dette forandrar seg i framtida. Det er viktig med gode fagfolk innan dette feltet også, om landbruket skal bestå og utvikle seg i framtida, noko vi i Oppland senterungdom ynskjer.

Lene Helland, Oppland Senterungdom

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut