Til forsiden
Du er her: Hjem  / Møre og Romsdal 


Marit Nerås Krogsæter

Trafikalt grunnkurs som obligatorisk fag i grunnskulen

[28.02.11 20:24] I helga var det årsmøte i Møre og Romsdal Senterparti, og ungdomane i partiet var veldig aktive i debattane. Her er eitt av innlegga under generaldebatten laurdag.


Ungdommar i dag ser fram til å ta lappen på moped og bil, og dei har lyst å bli førardyktige raskast mogleg. Mykje av det som står i fokus når ungdom skal ta sertifikatet er ofte pris og tilgjenge til opplæring. Det trafikale grunnkurset er i dag eit 17 timars kurs som køyreskulane står for.  Dette grunnkurset er naudsynt for å verksette vidare køyreopplæring. Elevane betalar i dyre domar for dette kurset, og Senterungdommen ser det at trafikalt grunnkurs bør vere eit eige fag på grunnskulen. Det er då snakk om på ungdomsskulen. Å ha det trafikale grunnkurset i ungdomsskulen vil utan tvil kome elevane til gode. Faget skal då gjennomførast ein time i veka, og det vil famne om meir enn dei 17 timane Statens Vegvesen krev. Dette gjer det mogleg å gjere opplæringa meir innhaldsrik og billegare enn det tilbodet ungdommane har i dag.

Dersom ein gjer dette grunnkurset ein del av skulekvardagen vil det sikre at alle får den same opplæringa og får tilgjenge til å ta dette kurset. Og sjølv om ein ikkje har planar om å ta sertifikatet på bil eller moped, så har ein den kunnskapen ein bør ha for å vere mjuk trafikant langs vegane. I dette kurset får alle ei opplæring i trafikkbiletet, og for at dette skal famne om alle, må det leggjast inn i skulen, og då som eit obligatorisk fag.

Frå 2005 til 2008 omkom 955 personar i trafikken, og av desse er ein alt for stor del ungdommar. Grunnen til desse ulukkene er manglande førardugleik og for høg fart. Eit grunnskulefag som har klare kompetansemål vil auke trafikkunnskapen for både køyreelev, og for dei mjuke trafikantane. For å kunne måle kompetansen til elevane må det haldast prøver slik at ein anten kan bestå kurset eller ikkje bestå det.

 

Marit Nerås Krogsæter

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal Senterparti

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut