Til forsiden
Du er her: Hjem  / Møre og Romsdal 


Olav Mogstad, Lise Bjerknesli, Sondre Ormset, Nils Olav Aasen frå styret saman med Jenny Klinge
Oppstartsmøte:

Surnadal Senterungdom

[27.03.11 12:41] Laurdag 26. mars vart Surnadal Senterungdom sitt oppstartsmøte avheldt på kommunestyresalen på Skei. Det vart vedteke arbeidsplan, mål og budsjett, og eit rykande ferskt og engasjert styre er på plass.


Eit av måla er å verte 30 medlemmar før Årsmøtet i slutten av september. I april er det vervemånad for Senterungdomen over heile landet, og då kjem vi til å ha skulebesøk, og kafékveld for å spre bodskapet, så fleire interesserte har mogleigheit til å finne ut om dette er noko for dei. Vi håpar at mange vil vere med å sjå på kva vi er, og kva vi vil jobbe med, og kanskje nokre og bestem seg for å verte medlem!

Vi kjem til å jobbe mykje for at Ungdomspolitikk vert på dagsorden i Surnadal, og treng at ungdommar kjem til oss med saker dei er opptekne av, vi ynskjer å vere eit aktivt fora for å få ungdomspolitikk formidla frå grasrota og inn i kommunestyresalen.

Surnadal Senterungdom har to navn på vallista til hausten, Erik Mogstad, som har hatt ein periode i Kommunestyret, og leiar Lise Bjerknesli står på 3.plass som ungdomskandidat.

Innimellom all politikken ynskjer vi og å ha ein del sosiale og kun morosame aktivitetar, og på mai skal vi på bowling-tur til Orkanger. På oppstartsmøtet vart vi og inviterte til Oslo av Stortingsrepresentant Jenny Klinge, og det er eit tilbod vi ynskjer å takka ja til, og som styret kjem til å arbeide med.

 

Styret som vart vald:

Leiar: Lise Bjerknesli

Nestleiar: Sondre Ormset

Kasserar: Karin Åsbø

Aktivitetsansvarleg: Margrethe Andresen

Styremedlem: Nils Olav Aasen

1. vara: Olav Mogstad

2. vara: Erik Mogstad

3. vara: Bjørn Kristian Brøske

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut