Til forsiden
Du er her: Hjem  / Møre og Romsdal 


Deltakarane på fylkesårsmøtet i Senterungdommen Møre og Romsdal

Nytt fylkesstyre i Møre og Romsdal Senterungdom

[18.10.10 14:53] Møre og Romsdal Senterungdom hadde fylkesårsmøte 16-17.oktober, og der velde dei nytt fylkesstyre.


Det nye styret er veldig klar for å gjere ein veldig god innsats dette arbeidsåret, og har trua på eit fylkeslag i vekst. Det nye styret består av fem ivrige ungdommar frå heile fylket.

Marit Nerås Krogsæter, frå Vatne i Haram Kommune, har blitt vald som leiar etter at Marius Strømmen takka for seg. Ho er 18 år og gjeng siste året på Ålesund Videregående. 

Ingvild Auflem Vik, frå Gursken i Sande Kommune, har blitt gjenvald som politisk nestleiar. Ho er berre 15 år og gjeng i 10.klasse. 

Haakon Skramstad, frå Averøy Kommune, har blitt gjenvald som organisatorisk nestleiar. Han er 18 år og gjeng siste året på Atlanten Videregående i Kristiansund. 

Bjørn Erik Aae, frå Averøy Kommune, har blitt vald som fyrste styremeldem i Møre og Romsdal Senterungdom. Han er 18 år og gjeng siste året på Molde Videregående. 

Ingrid Nerås Krogsæter, frå Vatne i Haram Kommune, har blitt vald som andre styremedlem i Møre og Romsdal Senterungdom. Ho er 16 år og gjeng fyrste året på Haram Vidaregåande i Brattvåg. Ho er òg blitt ansatt som ungdomssekretær.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut