Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens sentralstyre 14. juni 2009:

Vi må fornya bilparken

 


Persontransport står for ein stor del av klimagassutsleppa frå Noreg. Mykje av dette kan betrast ved hjelp av ein større satsing på kollektivtransport, men Senterungdommen trur ikkje ei framtid utan biltrafikk er realistisk. Vi vil difor gjera meir for å for gjera bilane på norske vegar meir miljøvennlege. 

Den norske bilparken går i dag for det meste på fossilt drivstoff. For at bilbruken skal vera bærekraftig på sikt må ein difor ha ei kraftig omlegging til nye biltypar og Senterungdommen vil bruka fleire økonomiske verkemiddel for å få fortgang i denne prosessen. 

Endring av omregistreringsavgifta
I dag er bilavgifta lågare jo eldre bilen er. Senterungdommen meiner dette sender ut feil signal og ikkje oppfordrar folk til å bytta til ein nyare bil. Det vil alltid vera slik at ikkje alle har råd til å kjøpa ein heilt ny bil, og det må difor vera eit mål å økonomisk stimulera folk til å kjøpa ein nyast mogleg bruktbil, då desse i snitt forureinar mindre enn eldre bilar.

Omlegging av nybilavgifta
Senterungdommen meiner ei omlegging av nybilavgifta vil stimulera til kjøp av meir miljøvennlege bilar. I dag er vekt og motoreffekt viktige komponentar i utrekninga av nybilavgifta. Dette slår uheldig ut for mange bilar, då dei kan sleppa ut lite, samstundes som dei blir straffa hardt. Regjeringa har gjort viktige steg i rett retning og innført CO2-utsleppet som ein viktig faktor i utrekninga av avgift. Senterungdommen meiner likevel at ein bør gå enda lenger og lata det faktiske CO2-utsleppet spela ei mykje større rolle.

Auka vrakpant ved kjøp av miljøvennlege bilar
Senterpartiet har foreslått å heva vrakpanten til 40 000 kroner dersom du vel å kjøpa ein ny, miljøvenleg bil. Senterungdommen støttar dette særs offensive forslaget frå moderpartiet og vil jobba hardt for at det vert sett i verk snarast.

Forbod mot nybilsal av fossildrivstoffbilar innan 2015
Bilar som berre kan gå på fossile drivstoff må fasast ut. Senterungdommen meiner eit forbod mot nybilsal av slike bilar innan 2015 er eit realistisk og nødvendig tiltak.

For at dette forbodet og auka vrakpant skal ha ein miljøvinst i praksis, må tiltaka følgjast opp med ein oppbygging av infrastruktur for alternative drivstoffkjelder. Senterungdommen vil difor også ha ei kraftig satsing på mellom anna ladestasjonar og biodrivstoff. Å setja opp ladestasjonar ved alle offentlege arbeidsplassar og kollektivknutepunkt er til dømes eit grep som bør gjennomførast snarast.

Senterungdommen vil også gje el- og hybridbileigarar fleire fordelar for å stimulera til auka bruk av desse. I dag køyrer elbilar gratis gjennom bomringar og har gratis offentleg parkering. Senterungdommen ser for seg eit graderingssystem der hybridbilar kjem vesentleg billegare ut enn fossildrivne bilar, men ikkje får fullt fritak. I tillegg bør fleire offentlege parkeringsplassar reserverast elbilar.

Å få ein fortgang i moderniseringa av den norske bilparken er heilt nødvendig. Senterungdommen er villige til å ta dei nødvendige grepa i bruk for at dette skal skje raskt.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut