Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens landsmøte 2007:

Ta ansvar, Åslaug!

 


Statnett planlegg i dag fleire store utbyggingar av kraftliner, i den grunn at ein skal gje energikrevjande område sikker straumforsyning og at norsk oljesektor skal kunna elektrifiserast ifrå fastlandet. Det har vorte søkt om konsesjon for å byggja kraftlinjer fleire stader rundt om i landet.

Linja i Hardanger vert ei linje som skal gå ifrå kraftstasjonen Sima i Eidfjord til Samnanger, eit lite stykke utanfor Bergen. Linja er utan tvil eit verdifullt miljøtiltak, men skal detta gå på bekostning av omgjevnadane til lokalsamfunna rundt om i Hordaland? Skal storsamfunna ha fyrsteprioritet med sine behov, utan at bygdesamfunna rundt om skal ha noko å seia i den store samanheng?

Med høgspent i luftspenn vil ein få permanent skjemming av natur og omgjevnader – og dette vil gå ut over både dei som bur i distrikta og ikkje minst turistnæringa. Alternativet til luftspenn er kabelstrekk under bakken eller under vatn. Sjølv om dette er fleire gonger så dyrt som luftspenn, meiner Senterungdommen at kostnadane vil verta altfor store for miljø og natur ved luftspenn.

Naturinngrepa kan minimerast, ved hjelp av at straumlinjene vert lagde i jord-og sjøkabel det dette er mogleg, og sjølv om det er ein meirkostnad ved bruk av slike teknikkar bør ikkje det ha ei betyding når det er så stor forskjell for bygdene om det vert luftspenn eller kabel, og derfor bør oljesektoren betala for at liner som dette ikkje skal gå i luftspenn, der dette er mogleg.

Olje- og gassektoren er ein av staten sine største inntektskjelder, og ved utgangen av fyrste halvår i år var kun kapitalen i statens pensjonsfond på heile 119milliardar kroner. No bør staten gje attende til lokalsamfunna, og visa at det ikkje skal vera slik at storsamfunnet er meir verdt enn lokalsamfunna. Bygd og by skal gå hand i hand.. Ikkje øydelegg Bygde-Noreg!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut