Frå 1. juli fekk svenskar lov til å søka om støtte til installasjon av solcellepanel. Målet var å auka den svenske solkraftproduksjonen. Allereie den første veka kom det inn over 100 søknader. Senterungdommen ønskjer ei større satsing på solceller også i Noreg og vil forbetra den norske støtteordninga.
I Sverige kan ein søka om å få dekkja opp til 60 prosent av investeringskostnaden, med eit maksimalbeløp på 2 millionar. I den norske støtteordninga frå Enova vert kun opptil 20 prosent dekkja og maksimalbeløpet er på 20 000. Enovas ordning gjeld også berre solfangarar og ikkje solceller. Dette ønskjer Senterungdommen å gjera noko med, og vil heva støttegrensa til minst den nabolandet har. Senterungdommen vil auka den norske kraftproduksjonen og meiner solceller vil vera eit godt verkemiddel for å få dette til.
Sjølv om Noreg har mindre potensiale for solenergi enn land nær ekvator, særleg i vinterhalvåret, finst det store uutnytta energiressursar i sollyset. Ein ser for seg at solenergi i stor grad kan nyttast til mellom anna oppvarming av tappevatn i sommarhalvåret, noko som vil frigjera energi til oppvarming i vinterhalvåret. Solanlegg har ofte også lang varighet og treng minimalt med vedlikehald. Det trengst enno mykje forsking før solcelleteknologien er optimal, men ved å auka den private etterspørselen trur Senterungdommen at dette vil bidra til meir forsking og kompetanseheving på området.
Senterungdommen er klare til å støtta solcellene!