Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens sentralstyre 31. juli 2009:

Havet - ein felles ressurs

 


Senterungdomen går sterkt imot ytterlegare oljeutvinning i nordiske havområde. Havet er ein felles ressurs, og nordiske havområde er allereie hardt prøva, mellom anna på grunn av overgjødsling og overfiske. 

Island er no i ferd med å opne for oljeleiting utanfor Jan Mayen.  Den norske olje- og energiministeren, Terje Riis-Johansen, vedgår at den islandske aktiviteten har vore avgjerande for at også Noreg har begynt å snuse på desse områda.   Oljeaktivitet utanfor Jan Mayen er lagt inn i forvaltningsplana for Norskehavet, trass i at mellom anna Direktoratet for naturforvaltning har tilrådd at Jan Myen blir naturreservat. Jan Mayen har få artar og korte næringskjeder, noko som gjer området sårbart for klimaendringar.

Eit tettare nordisk samarbeid er naudsynt for å sikre nordisk havmiljø. Island og Noreg må gå i dialog om felles vern av sokkelen utanfor Jan Mayen.  Skal Noreg opptre med truverde her, er det naudsynt at også dei norske områda  Lofoten, Vesterålen og Møreblokkene  blir verande oljefrie.

I tillegg må alle dei nordiske  landa gå saman om satsing på fornybar energi.  Her er det mykje, men ulik kompetanse i kvart av landa, og det kan vera store effektiviseringsgevinstar å hente på samordning.  Sverige og Finland er langt framme på bioenergi, Noreg på vasskraft,  Island på jordvarme og Færøyane er i ferd med å byggje bølgjekraftverk.  

Ein forpliktande nordisk strategi for utvikling av fornybare energikjelder vil vera det viktigaste bidraget for å sikre eit oljefritt og frisk nordisk havmiljø.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut