Regjeringa skal i løpet av denne valperioden vedta ei naturmangfaldlov. Dette er på høg tid, sia naturvernlova frå 1970 for lengst har gått ut på dato. Senterungdomen helsar denne lova hjarteleg velkommen. Dagens naturvernregime er uheldig, sia det har eit snevert fokus på vern gjennom freding.
I 2004 vart det lagt fram ein NOU som forarbeid til lova. Han inneheldt eit utkast til ny naturmangfaldlov som mellom anna lovfesta at verneområde skal skjøttast og takast vare på. Dette meiner vi er bra. Samstundes er det fleire ting i lovutkastet som er uheldig.
Erstatningsregimet for område verna etter naturvernlova er i dag dårleg. Grunneigarar får berre full erstatning når eit område vernast som naturreservat. Om det derimot vernast som nasjonalpark eller landskapsvernområde, blir det ikkje gitt erstatning. Dette er foreslått endra i det nye lovutkastet slik at alle verneformer skal utløyse erstatning, og det er bra. Til gjengjeld skal det ikkje lenger gis full erstatning, berre ei erstatning basert på noverande nytting av området på vernetidspunktet. Dette er eit kompromissforslag som ikkje er akseptabelt. Senterungdomen meiner at vern av eit område skal utløyse full erstatning til grunneigar, uansett verneform
Det leggast opp til eit system der mykje av arts- og naturtypeforvaltinga delegerast til forvaltinga. Dette vil på sikt kunne skapa enno større kløfter mellom det lokale nivået og vernestyresmaktene, sia forvaltinga ikkje vil trenge å taka omsyn til det lokale nivået og fordi det vil føre til at mange reglar blir vedteki på eit nivå som ikkje er folkevald. Senterungdomen meiner i staden at dagens arbeid med handlingsplanar for enkeltartar som utarbeidast i samarbeid med lokalt nivå og grunneigarar må leggast til grunn. Dette arbeidet bør utvidast til også å gjelde naturtypar. Slik får ein ei heilskapleg forvalting der alle interesser blir høyrt i prosessen med å vare norsk natur.
Framlegginga av naturmangfaldlova for Stortinget har drøya lenge, på grunn av store konflikter om innhaldet i lova. Senterungdomen krev no at det leggast fram ei heilskapleg lov som tek omsyn til alle partar, og at dette gjerast så fort som råd. Vi har ikkje råd til å vente lenger!