Til forsiden
Du er her: Hjem  / Sogn og Fjordane  / Lokallag 

Ønskjer du å starte lokallag?

[21.08.08 21:38] Vi vil gjerne ha fleire aktive lokallag! Lokalt engasjement gir gode høve til å setje saker på dagsorden, og til å påverke kva Sogn og Fjordane Senterungdom som heilskap skal vere oppteken av. Vi meinar og at det sosiale er like viktig - studieturar, kurs og grillkveldar er aktivitetar lokallaget står heilt fritt til å gjennomføre!


”Lokallag-guiden ”

 

Senterungdomen i Sogn og Fjordane har som målsetting å få fleire aktive lokallag! Vi vil gjerne at du blir med på laget, slik at vi får det til! I samband med dette har fylkesstyret nemnt ut enkelte av styremedlemmane til lokallagsansvarleg. Den lokallagsansvarlege, saman med organisasjonssekretær Irene Nesje Roset vil meir enn gjerne svare på alle mogelege spørsmål, og sørgje for oppfølging av lokallaga.

 

Senterungdomen i Sogn og Fjordane har i pr. i dag 5 lokallag; Bremanger, Gaular, Stryn, Indre Sunnfjord og Årdal.

 

 

Kvifor vere med i eit lokallag?

Dersom du er med i eit lokallag, får du moglegheit til å vere meir aktiv i Senterungdomen.

 

Politisk:

  •  Påverke og komme med innspel til kva Sogn og Fjordane Senterungdom skal vere opptatt av.

  •  Sette saker på dagsorden

  •  Påverke politikken i din kommune

  •  Påverke politikken i fylket

 

 

Anna:

  •  Reise på studietur (t.d. til Oslo og møte Sp. sine representantar på Stortinget).

  •  Ein kan arrangere kurs (politske eller anna som t.d. swing-kurs).

  •  Arrangere sommarfest/grillfest/pizza-kveld osv. i samband med medlemsmøte.

  •  Kvart lokallag får også ein utsending til Landsmøte, der det er stor rift om plassane!

 

Dersom ein treng pengar til å finansiere arrangement for medlemmane, kan ein søkje om frifond-midlar.

 

  

Det sosiale er vel så viktig som politikken!

Dersom ein skal trivast i Senterungdomen, meiner vi ein må ha det kjekt i lag! I eit lokallag blir ein kjent med andre i sin kommune, som er opptatt av det same som deg sjølv. Ein blir kjent med andre senterungdomar, som ein kan reise saman med på regionale og nasjonale arrangement.

 

 

Har DU lyst å starte lokallag?

Ein kan starte lokallag i eigen kommune, eller ein kan samarbeide på tvers av kommunegrenser (slik som t.d. Indre Sunnfjord lokallag, som består av Førde, Naustdal og Jølster.)

 

 

 

Har du lyst, men torer ikkje?

Å starte eit lokallag kan kanskje verke skremmande, og mange kvir seg fordi dei trur det er mykje arbeid og at ein ikkje har nok erfaring. Hjelp til oppstart og oppfølging vil de få av fylkesstyret. Organisasjonssekretæren vår, Irene, hjelper også med å svare på alle spørsmål. Kor mykje tid de vil bruke på lokallag og politikk er opp til kvar einskild og kvart lokallag. De bestemmer sjølv kor mange medlemsmøte/arrangement de vil ha i løpet av året.

 

 

 

Slik gjer du:

 

  1.  Ring fylkeskontoret på tlf. 57 00 93 50, få medlemsliste over medlemmane i din kommune, samt skjema som må fyllast ut for registrering av lokallaget.

  2.  Kontakt desse for å høyre om det er andre som kan tenkje seg å sitte i lokallagsstyret. Ein treng minimum 3 medlemar i styret.

  3.  Fyll ut registreringsskjema for lokallag. Dette skjemaet er berre på ei A4-side og organisasjonssekretæren vår, eller lokallagsansvarleg i fylkesstyret vil hjelpe deg å fylle det ut.

  4.  Hald årsmøte. På Spurt, intranettet til Senterungdomen, vil det bli lagt ut forslag til sakspapir til årsmøte. Til årsmøte kan ein også invitere nokon frå fylkesstyre for å delta på årsmøtet! Desse kan eventuelt hjelpe til med å gjennomføre møtet, og snakke om senterungdomen i fylket og generelt.

  5.  Følg arbeidsplan og ha det ”trivelig og løje!”

 

  

Bruk heimesidene våre!

Bruk heimesidene til Senterungdomen sentralt og i fylket, for å få oppdateringar på saker i media og kva vi driv med! Her ligg det også resolusjonar, uttalar og Senterungdomen si politiske plattform.

 

Gå inn på www.senterungdomen.no Derifrå kan du klikke deg vidare inn på intranettet Spurt, som er plassert på høgre side. For å logge seg inn på Spurt, brukar ein sitt eige medlemsnr. Dette nr. kan ein få ved å ringje fylkeskontoret, eller ved å sjå bakpå avisa Desentralist, som ein vil få etter at ein har betalt medlemskontingent.

 

For å kome til Sogn og Fjordane Senterungdom sine nettsider klikkar du på boksen ”Velg fylke” oppe i høgre hjørne. For å finne ut kven som sitt i fylkesstyre, sentralstyre eller landsstyre, kan du klikke deg inn på ”Kven er vi”. Her finn du også telefon nr. og e-post dersom du vil kontakte nokon.

 

 

Venleg helsing

Senterungdommen i Sogn og Fjordane

 

  

 

Irene Nesje Roset

 

-org.sekr.-

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut