![]() |
[09.11.08 22:09] Senterungdommen meiner underhaldningsbransja ser etter feil folk i høve til fildeling. Dei meiner i staden bransja må sjå moglegheitene på dette området.
Resolusjonen heiter «Underhaldningsbransja går baklengs inn i framtida!»
Debatten om fildeling har teke nokre skritt videre i sumar. Nye forslag til løysingar har kome på bordet. Diverre lev framleis underhaldningsindustrien i den villfaring at kundane deira er fiendar som må straffeforfølgjast.
Somme i industrien har teke til orde for at nettleverandørane får ansvar for å kontrollere kva internettbrukarane gjer på nett, og at dei må stenge nettilgongen for kundar som driv med fildeling. Kulturminister Trond Giske har uttala at det er eit spanande forslag. Senterungdommen åtvarar på det sterkaste mot ei slik løysing.
Straffa – utestenging frå nett – står ikkje på nokon måte i samsvar med alvorligheta av eit eventuelt lovbrot. Nettet er blitt ein viktig sosial arena for mange menneske, ein moglegheit for folk til å halde kontakt med vener og familie over heile verda. Nettet er også et viktig verkty for å følgje med på kva som skjer i samfunnet, for å finne informasjon og for å delta. Stadig meir offentleg informasjon og kommunikasjon med det offentlege skjer også over nettet. Utestenging vert difor ei demokratisk utfordring.
Viktigast er jamvel elementet om personvern. Fildeling er per definisjon ikkje ulovleg, det er deling av opphavsrettbeskytta materiale som er lovbrot. For å avgjere om ein kunde bryt lova må i so fall nettleverandøren detaljert granske kva kundane gjer på nett. Dette er ei type overvaking som vil vere eit kraftig inngrep i folk sitt private liv, noko som berre politi og rettsmyndigheiter må ha lov til ved mistanke om grove lovbrot.
Nettet opnar for enorme moglegheiter til å nå ut til kundar på ein svært kostnadseffektiv måte. Auka tilgjenge og låge produksjonskostnadar burde vere ei kjempespanande ramme med enormt potensiale for auka sal – og ikkje en trussel.
Landsmøtet i Senterungdomen meiner det er trasig at underhaldningsindustrien går baklengs inn i framtida. Auka overvaking er ikkje vegen å gå, verken for underhaldningsbransja eller for andre. Dersom ein ynskjer å gjere noko med dette, må ein gå etter bakmenna og ikkje mannen i gata. Straffa for desse må vere fengsel, på lik linje med andre lovbrot.