![]() |
[08.11.08 10:39] Liv Signe Navarsete, partileiar i Senterpartiet, varsla kamp for ei stadig større merksemd omkring Nord-Norge i tida framover, då ho i dag tala til Senterungdommens Landsmøte i Tromsø.
I si tale kom ho inn på mange områder som er særs aktuelle for Nord-Norge, mellom anna vil Senterpartiet:
• Halde på sitt ja til eit OL i Tromsø – og Tromsø er for Sp den einaste aktuelle staden å halde eit OL i framtida.
• Sikre drifta av Hurtigruta
• Ikkje utvinning av olje utanfor Lofoten og Vesterålen.
• Meir vindkraft, modernisering av vasskraftressursane og betre straumnett
• Fjernstyring og kryssingsspor på Nordlandsbana
• Betre organisering og utvikling av reiselivet i nordområdene.
HER ER HELE TALEN:
Gode vener!
Takk for invitasjonen til å kome hit til Senterungdommens landsmøte 2008! De legg grunnlaget for framtidas Senterparti og den politikken som Senterpartiet skal føre framover. Her sit framtidige (og nokre noverande) kommunestyre-, fylkestings- og stortingsrepresentantar. Her sit framtidige statsrådar. Og her sit framtidige leiarar på ulike nivå. Moro å tenkje på!
Vi er i ei spanande og utfordrande tid. Ei brytningstid på mange måtar.
Kva treng Norge no?
Me treng meir fellesskap
Me treng meir solidaritet
Me treng meir vektlegging av natur og livsmiljø
Me treng meir investeringar for framtida
Me treng meir respekt for vanleg folk sitt ærlege arbeid
Me treng meir folkevald styring.
Dette er raud-grøn politikk. Dette treng vi meir av. Utfordringa for oss som er raud-grøne er å vere så konkrete og tydelege i desse prioriteringane at vi klarer å utløyse engasjement og begeistring blant alle dei på grasrota som er samde i at dette er vegen å gå.
Kva treng me mindre av?
Me treng mindre egoisme
Me treng mindre materialisme og forbruksvekst
Me treng mindre jåleri og kjendiseri
Me må ikkje lenger gje pengane forkøyrsrett. Markedet er ein dårleg Herre, men kan vere ein god tenar.
Dette betyr at skular, kyrkjer og kulturhus er viktigare enn kjøpesenter.
Dette betyr at trygge og framkommelege vegar, gode kollektiv og jernbanetilbod er viktigare enn lukushus og hyttepalass.
Dette betyr at vekst ikkje er å forbruke meir, men å forvalte betre.
Dette betyr at velferdstilbod er viktigare enn skatteletter.
Skal Senterpartiet vinne valet i 2009, må vi setje mennesket, miljøet og visjonane for framtida i sentrum. Vi må klare både å styre landet og samstundes å vere systemkritiske.
Klimakrise og matvarekrise:
I det internasjonale samfunnet står vi oppe i ei finanskrise, ei miljøkrise og ei matvarekrise. Eg meiner desse krisene alle er utslag av kortsiktig tenking. Grådigheit kombinert med mangel på folkevald styring fører til dramatiske utslag for enkeltpersonar, familiar og samfunn. Fleire politiske parti meinte desse utfordringane skulle kunne møtast med meir frihandel. Så sit vi her i dag med svar på korleis frislepp og manglande innsyn og kontroll verkar. Ikkje berre har handel med rotne verdipapir i USA gått ut over egen befolkning og økonomi, men det har og drege med seg resten av verdsøkonomien i same slengen. Island har svinga seg til dei store høgder gjennom ei finansnæring som voks seg altfor stor. Når ”trollet” sprakk, står landet tilbake fullstendig ribba og i akutt krise.
Det synes som det ikkje er grenser for kor store skattar enkelte vil samle seg på jorda. Vikingane trudde at dei skulle ta gods og gull med seg i sitt neste liv. Me som lever i dag burde vite betre.
Det har vore ei tid for styrlaus marknadstenking, liberalisering og frislepp. No ser mange at det er behov for forandring – tida er inne for meir politikk, tida er inne for meir folkevald styring
I ei tid der verda utfordrast nettopp på klima, miljø, energitilgang, matvaremangel og finansiell uro, skal vi i Senterpartiet, saman med dykk i Senterungdommen lage eit nytt valprogram for dei neste fire åra. Fire år som vil måtte ta inn over seg dei utfordringane eg har peika på. Om vi vil det eller ei vil dei internasjonale spørsmåla ha konsekvensar for Norge på alle desse områda.
Finansuro og frislepp:
Senterpartiet har eit like aktuelt standpunkt mot frihandelstenkinga i EU som vi hadde i 1994. Standpunktet aktualiserast gjennom finanskrisa vi ser, kor dei Europeiske bankane set alle prinsipp til side og reddar bankane sine. Vi kan ikkje styre den Europeiske sentralbanken ved eit medlemsskap, men vi kan styre Norges Bank dersom vi vil. Dei har framleis ein link til det politiske. Det meiner eg at vi må styrkje, og vi må sjå på om vi skal endre noko på måla vi set i forskrifta for Norges Bank. Island har med all tydelegheit vist oss at frislepp av bank- og finansnæring ikkje er til folkets beste. Ikkje for noko land! For å prøve å bøte på skadeverknadane har no EØS/Euro-debatten blussa opp på sagaøya gjennom ei tru på at det Europeiske sentralbanken vil vere med å stabilisere og bidra i krisetider. Eg meiner Norge skal bidra til å hjelpe så langt vi kan. Vi har dei økonomiske evnene som skal til, og vi er uavhengige av euro og EU.
Den same uavhengigheita har vi moglegheit til å ta vare på og når det gjelder å seie nei til ein annan av dei fire friheitene som no kjem veltande inn over oss, nemleg tenestedirektivet.
Tenestedirektivet går kortfatta ut på at alle teneste skal kunne bevege seg fritt over grensene. Det vil seie at du skal kunne ta på deg tenester eller arbeide fritt i heile EU/EØS-område. Det som ikkje er like klart er korleis rettane til arbeidstakarane skal ivaretakast. Korleis utanlandske arbeidstakarar skal sikrast dei same rettar som nasjonale arbeidstakarar er det springande punktet. Slik tenestedirektivet ligg no, kan ikkje eg sjå at det har nokon som helst garantiar for at dette vert gjort. (jfr heimfall: Senterpartiet ville ikkje gamble med kraftressursane i 1994 sjølv om det vart sagt at dei var trygge. Vi kan heller ikkje i 2008 gamble med vanlege folk sitt arbeid og arbeidsrettar. Ingen kan gje dei garantiar LO har ynskt for å gå for direktivet. Det er nemleg verken norske styresmakter eller EU-kommisjonen som avgjer det. Det er EF-domstolen. Og erfaringar frå fleire saker den siste tida tyder IKKJE på at EF-domstolen vil gjere vedtak som tek arbeidstakarane sine rettar på alvor. Difor må vi for ein gong skuld bruke den reservasjonsretten som ligg i EØS-avtala.
Ny tid og ny utvikling viser såleis at det er like viktig å auke kunnskapen og vere skodd i EU-debatten i dag som den var for 14 år sida, både for Senterungdom og –eldre..
Norge skal vere eit føregangsland for å trygge rein jord, luft og vatn. Me skal ta leiarskap og me skal arbeide for forpliktande internasjonale miljøavtaler der flytransport og skipsfart er med.
Etterspurnaden etter energi legg likevel eit tungt press på klimapolitikken, særleg norsk petroleumspolitikk. Det er ikkje få land som har vore i møter med norske myndigheiter for å vise sin interesse ikkje minst for norsk gass – som jo trass alt er mindre forureinande enn til dømes eit kolkraftverk. Den økonimiske veksten også andre stader i verda, der mellom anna fleire og fleire kinesarar og folk i India vil køyre bil, gjer at også tempoet i norsk oljeproduksjon vert utfordra. Trass i etterspurnaden meiner eg at vi ikkje kan gå på akkord med ei av dei andre kanskje viktigaste naturressursane vi har, nemleg fisken. Vi skal vere med på å leggje til rette for at vi utnyttar dei felta vi allreie har i drift i best mogleg grad, og vi skal sleppe til for leiting i nye områder der vi ser at det kan gå overeins med miljø- og fiskeriinteressene, men eg vil framleis aldri gå inn for å leggje til rette for oljeleiting med påfølgande boring i områda utanfor Lofoten og Vesterålen. Eg fekk beskjed om ikkje å grise med maten då eg var unge. Det vil eg halde fast på! Eg ynskjer og AUF lukke til med å overbevise deira eige parti om ikkje å grise med maten.
Det eg derimot er for, er å utnytte dei ressursane vi har som er knytta til vind og til vasskraft. Vindkraft i dei områda på land som ligg til rette for det, og meir vasskraft gjennom mindre utbyggingar med krav til minstevassføring og omsyn til biologisk mangfald. Dei store vasskraftutbyggingane si tid er forbi, men moderniseringa og utnytting av knappare ressursar kan gje viktige bidrag til energiforsyninga. På lenger sikt har vi eit hav som har plass til vindmøller – mange flytande vindmøller. Eg trur det vil verte ei eksportvare både å produsere møllene, men og å eksportere krafta, men då må me vere villige til å få transportert krafta fram åt brukarane. I mitt perspektiv er gode nok kraftliner eit heil naudsynt infrastrukturtiltak på line med veg, tog, breidband og mobil. Skal Senterpartiet byggje landet og samstundes vere med å bidra til verdas energietterspurnad, må dette på plass. I dag er det over 1,5 milliardar menneskje i verda som ikkje har tilgang til elektrisitet. Vi kan bidra både med teknologi til vasskraft, vindkraft, bioenergi, sol og sjøkraft. Eg meiner Senterpartiet må gå for meir fornybar energi – og det i alle formar.
Senterpartiet meiner lærdomen av finanskrisa er at marknaden ikkje kan styre seg sjølv. Det må vere klare reglar for soliditet og lønssystem som primierer godt bankhandverk i finans-institusjonane. Kortsiktige handelsinstrument som fremmer pengeflytting, skjuler risiko og bles opp finansøkonomien uavhengig av realøkonomien, tener ikkje samfunnsformål. Det må arbeidast vidare internasjonalt med avgift på valutaspekulasjon (tobin-tax).
Senterpartiet vil arbeide for rettferdig handel mellom landa. Kvart land skal kunne prioritere eigen matproduksjon for å sikre trygg tilgang til mat. Me seier nei til patent på liv; bønder i rike og fattige land må kunne ha eige såkorn og eigne setjepoteter. Bønder skal ikkje vere avhengige av globale industrikonsern for å kunne dyrka jorda og produsere mat.
Den internasjonale finans-matvare-klima- og energikrisa har som eg her har prøvd å peike på, store konsekvensar for Norge, men samstundes håper eg dere har notert dere at det og gjev store moglegheiter. Mulegheiter for forandring.
På det internasjonale området har eg ein arv å vidareføre frå sterke senterpartidamer. Det var Anne Enger og Marit Arnstad som i 1995 la fram forslag om eit internasjonalt forbod mot landminer. Det er no ein realitet. Åslaug Haga starta på vårt landsmøte i 2005 ein kampanje for eit internasjonalt forbod mot klasebomber. Det kom inn i Soria Moria og no er avtalen på plass.
Små og sjølvstendige land kan ta initiativ og påverke i internasjonale forhandlingar.
Sjøl om eg er hjå dykk som partileiar, er eg og nødt til å prate litt om samferdsle. Eg meiner vi har fått til rimleg mykje på dei tre åra eg har vore samferdsleministar. Eg veit at Senterungdomen alltid har vore oppteken av ulike spørsmål innanfor samferdsla. ”Trygt heim for ein 50-lapp” vart utvikla av Senterungdomen i Sogn- og Fjordane i si tid. Ordninga har spreiddt seg over store deler av landet. Dette syner at dei ideane som kjem frå dere er verdfulle, og dei vert realisert! Eg voner det gjev inspirasjon til vidare arbeid. Eg har og lyst til å trekkje fram ordninga med føraropplæring i skulen. Ei ordning som og har sitt opphav frå Sogn- og Fjordane. Erfaringane frå Firda vidaregåande skule syner at dei har ei stykprosent på teori og praktisk prøve som ligg milevis under gjennomsnittstala for landet for øvrig. Dette er ei ordning som eg vidare har teke initiativ til å prøve ut ved ytterlegarer fem skuler. Eg er spent på erfaringane derfrå, og eg meiner at føraropplæring i tilknytning til skulen i ei eller ana form bør verte ei permanent ordning.
Mange fylkeslag i Senterungdomen har fått gjennomslag i sine fylke for ungdomskort. Det er ei sak me så langt ikkje har greidd å få gjort noko med på nasjonalt plan. I Soria Moria er det slått fast at vi skal innføre betre studentrabatt på kollektivtrafikk. Det er ei sak me no tek tak i. Det skal gjerast eit arbeid i vinter som eg håpar å få regjeringa med på å innføre i løpet av 2009. Det er fint om me kan samarbeide med dykk om korleis det nye systemet skal bli for å bli mest muleg treffsikkert for dei som treng de mest.
Med så mange ungdomar i salen må eg nytte høve til å prate litt om trafikktryggleik. Vi misser for mange unge i trafikkulukker. Særleg gutar mellom 18 og 24 år er utsette. Mange av ulukkene med unge gutar involvert skuldast høg fart, manglande bruk av bilbelte og bruk av rusmidlar. I 7 av 10 ulukker generelt, er føraren ein del av årsaka til ulukka. Frå neste år er teoriprøva til førarprøva gratis om de står på første forsøk. Gjennom dette forslaget ber eg dykk om å ta teorikurs, og lese godt på teorien. Lær å forstå trafikken. Eg har og foreslått å doble gebyret for manglande bruk av bilbelte. Det skulle ikkje vore naudsynt, men eg ber dykk om å bruke bilbelte. Fart tek liv, og fartsskilta langs vegen er der for at de skal kunne ferdast trygt i lag med andre. Eg vil og at det skal verte lettare å miste sertifikatet ved å endre prikkbelastningsordninga.
Eg arbeider kvar dag med tanke på å gjere det å ferdast i trafikken så sikkert som mogleg.
Er det tiltak de meiner eg bør vurdera i tillegg, så ta gjerne kontakt med meg. Eg, eller medarbeidarane mine les e-post, og er glade for gode innspel.
Tog er ein av dei tryggaste måtane å ferdast på. I tillegg er det miljøvenleg og komfortabelt.
Eg veit de er opptekne av tog, og ikkje minst høgfartstog. Eg har så langt lagt til rette for å byggje ut intercity-trianglet i Austlandsomådet, dobbeltspor Stavanger-Sandnes, fjernstyring på Nordlandsbana og lagt vekt på å få meir gods over på bane. Eg trur dette er den rette vegen å gå. Først byggje ut i nærområdet rundt byane for å få fleire til å velje tog framfor veg. Samstundes er eg oppteken av at dei utbyggingane som vert gjort legg til rette for framtidige tog med høg fart.
Jernbane er framtida i dei deler av landet som har jernbane. I landet elles er vegen alternativet og meir vegmidlar må kanaliserast dit.
Hurtigruta, riksveg nr 1 skal bestå.
Aktiv næringspolitikk må til for å bygge landet. Samferdsle er ein viktig del av ein aktiv næringspolitikk, saman med utdanning og forsking og ei solid satsing på grunderer og småbedrifter.
Eg meiner Senterpartiet har den beste politikken for å byggje landet for framtida. Vår tilnærming til å forvalte ressursane er den som er mest bærekraftig. Vi må ha ein skikkeleg infrastruktur. I dette legg eg som nemnd veg, tog, breiband, tele, straumnett OG kunnskap. Mange fortel meg at senterpartiet ikkje kan slå seg inn i skuledebatten. Vi har ikkje noko god skulepolitikk. Eg meiner dette er tøys. Dette handlar om å tru på det vi meiner. Det handlar om å gjere noko med det som ikkje fungerar i skulen i dag. Vi må la lærarane være profesjonelle lærarar. Vi må styrkje dei i på å sette grenser, gje dei etterutdanning og motivasjon som dei kan overføre elevane. Vi må gjere det slik at alle elevar vert sett. Det betyr færre elevar i grupper, det betyr og at elevar må kjenne at dei lukkast. Vi må premiere også dei som er flinke i praktiske fag. Utan murarar stoppar Norge. Vi skal syte for at barn og unge får utdanning i nærleiken av der dei bor – innanfor rimlege grenser sjølvsagt, men nærleik til god kunnskap er ei kjelde til betre velstand.
Senterpartiet har vore ein pådrivar for å få OL til Tromsø. Heilt frå opninga av valkampen vår her i Tromsø i 2005 har me arbeidd aktivt for å sikre OL til landsdelen. Ikkje berre for ein fjorten dagars folkefest, sjølv om eg er sikker på at det ville bli spektakulært. Men for det OL ville bety for optimisme, utvikling av kompetanse, infrastruktur og reiseliv regionen.
Eg registrerer at Senterpartiet ikkje vart invitert med fiffen til gravølet denne veka. Der var representantar for dei partia som var MOT OL sentralt invitert. Ta det med ro, det er som vanleg. Me gjer jobben, fiffen festar.
Me skal likevel vise at Sp er til å stole på – også i OL-saka. Dersom det vert aktuelt å søke vinter-OL til Noreg er Tromsø staden. Og så kan me alltids ta ein fest sjølv!
Det har vore ein fryd å sitje bak i salen og lytte til debatten.
De er framtida. Lat oss samarbeide godt og få trøkk i Senterpartiet inn i ein kjempespennande valkamp. Lukke til med kjempeviktig arbeid for Senterpartiet og for landet!