Laksenæringa opplever i dag storeproblem på den internasjonale marknaden. EU, USA og Russland har i den seinare tida innført sanksjonar mot den norske næringa. Dette er ulike sanksjonar som rammar denne distriktsnæringa kraftig.
USA har hatt straffetoll på norsklaks i meir enn 20 år, og vedtok i desember 2005 å vidareføre denne straffetollen. EU har innført ein minstepris som skal skjerme denne marknaden fordumping av norsk laks. Desse to sanksjonane har Fiskeriministeren og Utanriksministaren gjort ein stor jobb, men mykje igjen står. Senterungdomen rosar det arbeidet som alt er gjort, men meiner at vidare diplomati må forsette i like høg grad.
Russland var den siste marknaden som innførte sanksjonar mot den norske laksenæringa. 01.01.06 innførte dei fullstendig stans i import av fersk norsk laks. Grunnlaget for denne sanksjonen var at fersk norsk laks ikkje støttar krava frå det russiske mattilsynet. Mattilsynet i Norge har ved fleire høve kravd at russarane skulle legge fram dokumentasjon for denne påstanden om urein norsk laks. Senterungdomen krev difor at fiskeriminister Helga Pedersen og utanriksminister Jonas Gahr Støre tek eit krafttak for å få fersk norsk laks inn igjen på den russiske marknaden.
Senterungdomen krev at utanriksministeren bringe saka opp på regjeringsnivå. Slik det er i dag er det mattilsyna i dei to landa som forhandlar om saka, og desse forhandlingane har ikkje ført nokon veg.
Russland er i dag den nest største marknaden for norsk laks, og ei utestenging frå denne marknaden føre til store ringverknadar for den norske laksenæringa. Ein total sanksjon av denne typen føre til mange permitteringar i distrikta, og i verste fall konkursar.